Årsmøte
Årsmøte i Studieforbundet er ein gong i året, og er organisasjonens høgste organ.
Vedtektene seier dette om årsmøtet:
§4. ÅRSMØTET
-
Studieforbundet kultur og tradisjons høgste organ er årsmøtet.
-
Medlemsorganisasjonane oppnemner delegatar med vara til årsmøtet. Stemmene blir vekta etter studietimar rapportert til Kompetanse Norge.
-
0 - 5.000 - 1 stemme
-
5.001 - 15.000 - 2 stemmer
-
15.001 - 30.000 - 4 stemmer
-
30.001 - 45.000 - 6 stemmer
-
45.001 - - 9 stemmer
-
Styret møter på årsmøtet med tale- og forslagsrett, men har ikkje stemmerett. Organisasjonar med samarbeidsavtale har møte- og talerett på årsmøtet.
-
Årsmøtet blir halde innan utgangen av mai månad. Organisasjonane skal ha varsel om tid og stad for årsmøtet innan 1.mars, og seinast to månader før møtet. Sakspapir til årsmøtet skal vera utsend seinast fire veker før møtedato.
Årsmøtet behandlar følgande saker:
-
Styrets årsmelding
-
Revidert regnskap
-
Søknadar om medlemskap
-
Strategi og verksemdsplan
-
Budsjett med fastsetting av kontingent
-
Innkomne forslag og eventuelt vedtektsendringar
-
Saker frå styret
-
Val
a. Styret etter fastsett turnus jf § 5.2
b. Statsautorisert/registrert revisor for 1 år
c. Valkomite jf § 6
-
Forslag til årsmøtet frå medlemsorganisasjonane skal vera styret i hende seinast 2 månedar før årsmøtet, eller til den frist styret set. Sjå elles § 10 om forslag til vedtektsendringar.
-
Ekstraordinært årsmøte blir kalla inn til av styret, eller når 1/3 av medlemsorganisasjonane krev det.
Medlemsorganisasjonane må få varsel om ekstraordinært årsmøte med frist på fire veker. Saksdokument må sendast seinast to veker før møtet.
Årsmøte
Årsmeldingar
2023 2022 2021 2020 2019 2018 2017 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 1998 1997
Styringsdokument
Prinspipp og praksis for godt styresett
Årsmøtet 23.mai 2017 vedtok prinsipp og praksis for godt styresett
Prinsipp og praksis for godt styresett
Mangfaldsplakaten
Saman med nærare 100 frivillige organisasjonar, har vi signert Mangfaldsplakaten til Frivillighet Norge. Denne vart vedteke av Frivillighet Norge 28. mai 2020.
Mangfaldsplakaten er eit verktøy for å arbeide for større etnisk og kulturelt mangfald i frivillige organisasjonar. Mangfald gjev fleire ressursar å spele på. Med Mangfaldsplakaten oppfordrar vi kvarandre til å arbeide aktivt for å auke mangfaldet og gje plass til fleire i organisasjonane våre.
FNs berekraftsmål
Studieforbundet har vald seg ut fylgjande av FNs berekraftsmål vi vil forplikte oss ekstra på:
Nr 3: God helse og livskvalitet: Sikre god helse og fremme livskvalitet for alle, uansett alder
Nr 4: God utdanning: Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremme moglegheiter for livslang læring for alle
Nr 11: Berekraftige byer og lokalsamfunn: Gjera byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige
Nr 12: Ansvarleg forbruk og produksjon: Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster
Overordna inneber dette til dømes at vi er bevisste og vurderer reisemåtar, handtering av drift på kontoret og unødvendig forbruk på sosiale medium. Tiltak blir vurdert opp mot formålet med Studieforbundet og rapportert på årleg til styret.