top of page

Vevopplæringa

For dei som ynskjer å lære meir om handveving

Vevopplæringa skal gje ei brei innføring i handverksfaget, og er ope for alle som ønskjer å lære meir om veving, enten som grunnlag for fritidsinteresse eller næring.

veve skjerf.jpg

Bannerbilde: Linda Aaboen

Om kurset

Kursrekkja består av seks modular (frå 2022). Til saman skal dette gje deltakarane ei brei innføring i handvevarfaget. Det er mogleg å ta heile kursrekkja, eller berre enkeltmodular. Modulane er lagt opp etter vanskegrad, med tilrådd rekkjefølgje. Dess lenger ut i kursrekkja du kjem, dess meir forkunnskap vil kursa kreve.

Vevopplæringa er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag og Studieforbundet.

Meir informasjon

Informasjon

​Modulplan
Læreplan for handvevarfaget VG3/opplæring i bedrift
Litteraturliste
Kursavgift 

frå 2024 er kr. 4500,- per modul + materiell, ca. 300,- per modul.

Kost og losji

Raulandsakademiet tilbyr overnattingDeltakarane må sjølve ta kontakt med akademiet på 
Tlf.: 35 07 32 92. Gje beskjed om at det gjeld Vevopplæringa. 
 

Hytter, campingplass, hotell: www.visitrauland.com/overnatting/

Air BnB: www.airbnb.no/a/stays/Rauland-

Deltakarane tek med

Pc, perm, skisseblokk, skrivepapir, rutepapir 5 mm, plastlommer, blyantar, raud og blå, måleband, nåler, saks, skeikrok.

Undervisningsstad

Rauland og vevsalen til Rauland Husflidslag, ca 500 m frå Raulandsakademiet.

Undervisningstid

kl. 09.00 – 18.00.

Siste dag blir avslutta kl. 13.00.

Kurslengde

Heile løpet går over tre år, med to vekesmodular i året kvar på fem dagar. Vår og haust.

Kven passar kurset for?

Kursrekkja rettar seg spesielt mot dei som ønskjer å ta sveinebrev i handvevarfaget, men er open også for dei som vil lære meir om faget. Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for handvevarfaget VG 3 opplæring i bedrift.

Kursrekkja er open for alle, og det er ikkje opptakskrav, men det er ein fordel med grunnleggjande kunnskap i data. Det vil bli brukt digitale verktøy i utarbeiding av oppskrifter.

Kurslærarar

Vi vekslar mellom ulike kurslærarar. For dei kursrekkjene som går nå, har vi Rita Vistad, Eli Wendelbo og Hilde Opedal Nordby. I løpet av kursrekkja inviterer vi også inn utvalde gjestelærarar.

Arbeidsform

Praktisk arbeid i vevsalen. Individuelt arbeid, plenumsdiskusjonar og stutte økter med teoriundervisning. Individuell rettleiing og undervisning i grupper. Vevsalen er open om kvelden slik at du kan praktisere utanom undervisningstida.

Kontakt oss

Studieforbundet kultur og tradisjon, Vågåvegen 35, 2680 VÅGÅ,


linda@kulturogtradisjon.no,
Tlf: 95 77 57 70

Det er bindande påmelding, og påmeldingsfrist er 6 veker før fyrste kursdag. Dersom det er ledige plassar, tek vi i mot påmelding fram til kursstart.

Informasjon

Moduloversikt i Vevopplæringa

Vevopplæringa - støttelitteratur
Ny læreplan Vg3 handvevar/opplæring i bedrift trådde i kraft frå 1. august 2022, Modulplan 2024

 
KURSREKKJE  2025 - 2027
Modul 1 Å veve på flatvev - en innføring, 7. - 11. april 2025, Rauland

Modul 2 Lerret- og lerretsvariantar, 29.september - 3. oktober 2025, Rauland

Modul 3 Kypert og kypervariantar, våren 2026, Rauland

Modul 4 Sateng og dreiel, hausten 2026, Rauland
Modul 5 Tradisjonsvev, våren 2027, Rauland
Modul 6 Dobbeltvev og bindetrådsteknikkar, hausten 2027, Rauland

 
KURSREKKJE  2024 - 2026

Modul 1 Å veve på flatvev - en innføring, 8. - 11. april 2024, Rauland
Modul 2 Lerret- og lerretsvariantar, 30. september - 4. oktober 2024, Rauland

Modul 3 Kypert og kypervariantar, 31. mars - 4. april 2025, Rauland

Modul 4 Sateng og dreiel,  6. - 10. oktober 2025, Rauland
Modul 5 Tradisjonsvev, våren 2026, Rauland
Modul 6 Dobbeltvev og bindetrådsteknikkar, hausten 2026, Rauland

KURSREKKJE 2022 - 2025
Modul 1 Moglegheiter i veven- Innføring og utforsking, 17. - 21. oktober 2022, Rauland
Modul 2 Lerret- og lerretsvariantar, 27. februar - 3. mars 2023, Rauland

Modul 3 Kypert og kypervariantar, 16. - 20. oktober 2023, Rauland

Modul 4 Sateng og dreiel, 26. februar – 1. mars 2024, Rauland
Modul 5 Tradisjonsvev, 14. - 18. oktober 2024, Rauland
Modul 6 Dobbeltvev og bindetrådsteknikkar, 24. - 28. februar 2025, Rauland

Vi gjer merksam på at det her kan bli endringar eller tillegg


Tilleggsmodular:
Snorer og band, 18. - 22. november 2024, Oslo Berre ein ledig plass att!

Teorieksamen i bunadtilverkarfaget – kva inneber det?
Digital samling Kl. 18.30 - 20.00, 15. januar 2025
Det blir vist til eksempel innanfor bunadsfaget, MEN det er også opent for deg med interesse for andre små handverksfag.

 

Ved å fullføre heile kursrekkja vil du få teoretisk og praktisk innføring i kompetansemåla i læreplanen for handvevarfaget vg3.

Moduloversikt
Image by Felicia Montenegro

Om Vevopplæringa og vegen til sveinebrev

Handvevarfaget skal bidra til å ivareta og vidareføre handvevartradisjonar. Handvevaren utviklar og vever interiørtekstiler og stoffer til klede, dekorasjonar og utsmykninger. Handvevarfaget skal dekke samfunnets behov for produksjon av vevde tekstiler og utvikling av nye vevprodukt.


Opplæringa skal legge vekt på praktisk arbeid med klede, interiør, rekonstruksjon og utsmykning. Opplæringa skal bidra til å utvikle veveferdigheter og stimulere til estetisk bevissthet og kritisk refleksjon. Opplæringa skal bidra til erfaring med bruk av ulike materiale, teknikkar, verktøy og maskiner i handvevarfaget. Opplæringa skal vidare bidra til å utvikle forståing for forhold mellom design, marknad og produksjon av handvevde produkt og tenester. Vidare skal opplæringa bidra til å utvikle evne og ferdighet innan kommunikasjon og formidling samt bidra til bruk av informasjonsteknologi. (www.utdanning.no)

Vegen til sveinebrev

Image by Jean-Marc Vieregge
Sjå meir
Alternativ 1

Om du vil gå den formelle vegen, så er løpet fireårig, to år er opplæring i bedrift.

Vidaregåande skule:

  • Vg 1: Design og håndverk

  • Vg 2: Design og tekstil

  • To års opplæring i bedrift: Handvevarfaget.

 

Fullført løp fører til sveinebrev.

Ved å gå dette løpet har du også krav på rettleiing, og hjelp i høve til lærlingplass. Dette kan du undersøke nærare ved å ta kontakt med fagopplæringskontoret i ditt fylke.

Skjære tråder
Sjå meir
Alternativ 2

Praksiskandidatar er vaksne som har minst 25 % lengre praksistid i eit lærefag enn den fastsette læretida i faget. Praksisen må vera:

  • Allsidig og dokumentert og etter ei samla vurdering dekke dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for Vg3 / opplæring i bedrift i lærefaget

  • Godkjent av fylkeskommunen før fag- eller sveineprøven kan avleggjast

 

For å gå opp som praksiskandidat som handvevar må du dokumentere 5 års godkjent praksis i faget. 100% stilling. Praksisen må vera godkjent av fagopplæringskontoret i ditt fylke før du kan gå opp til sveineprøven. Du kan få fråtrekk for kurs du har delteke på, og kursrekkja i veving skal kunne inngå som grunnlag. Du treng ikkje fellesfaga, matematikk, engelsk, naturfag, norsk og samfunnsfag for å gå opp som praksiskandidat. Men før du går opp til sveineprøven må du bestå ein skifteleg eksamen i fagets teoretiske læreplanmål. Den teoretiske eksamen er ein skriftlig eksamen på 5 timar, og den blir arrangert to gonger i året (som regel fyrste veka i desember og fyrste veka i juni). Den som ønskjer og ta eksamen, må melde seg opp som privatist ved ein vidaregåande skule. Eksempel på eksamensoppgåve i handvevarfaget frå 2016

Korleis søkje læreplass? Som praksiskandidat må du sjølv arbeide for å få lærekontrakt. Lærekontrakt må teiknast med ei godkjend lærebedrift, og den må godkjennast av fagopplæringskontoret. Bedrifta har ansvar for å innhente denne godkjenninga.Du kan bli lærling uansett kor gammal du er og når som helst på året. Det viktige er at du sjølv skaffar deg ein læreplass i ei bedrift.

Læreplan Vg3 handvevarfaget/opplæring i bedrift

Nyttige nettsider:
Utdanningsdirektoratet www.udir.no
Opplæringskontoret for små håndverksfag www.smafag.no
Tradisjonshåndverk (TrHå) opplæringskontor og kompetansesenter www.mia.no/tradisjonshandverk.no
Norsk håndveksinstitutt www.handverksinstituttet.no
Vilbli, Fylkenes informasjonstjeneste for søkere til videregående opplæring www.vilbli.no
Nasjonal nettportal for informasjon om utdanning og yrke www.utdanning.no
Altinn - Starte og drive bedrift, www.altinn.no/starte-og-drive/

Vegen til sveinebrev
Image by Bea Marciniak

Påmelding Vevopplæringa

Takk for innsendinga di!

Påmelding
bottom of page