Bannerbilde: Torunn Elise Kveen
Om kurset
Opplæringa skal bidra til å verne om det tradisjonelle handverket og legge grunnlag for innsikt i og forståing for det særeigne ved materialbruken til trebåtbyggjaren. Kursrekkja er bygd opp kring ulike tema og er fordelt på seks kurs. Det er ingen opptakskrav for å delta, men for å få utbytte av opplæringa, bør du ha erfaring med trearbeid. Kursa blir haldne på tre ulike stader; Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, Museet Kystens Arv i Stadsbygd og Risør Trebåtbyggeri A/S i Risør.
Kursrekkja er eit samarbeid mellom Studieforbundet kultur og tradisjon og Forbundet KYSTEN
Informasjon
Brosjyre Trebåtbyggjar
Kursavgift
er kr. 4750 per modul. I tillegg kjem utgifter til kost og losji.
Deltakarane tek med
Personleg verneutstyr, motorsag, handverktøy.
Undervisningsstad
vil veksle mellom tre kursstadar i Sør- Noreg. Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, Museet Kystens Arv i Stadsbygd og Risør Trebåtbyggeri A/S i Risør.
Undervisingstid
kl. 09.00 – 18.30.
Siste dag blir avslutta kl. 13.00.
Lengde på kurset
Heile løpet går over tre år med med to modular i året på fem dagar kvar, vår og haust.
Kven passar kurset for?
Kursrekkja rettar seg spesielt mot dei som ønskjer å ta sveinebrev som trebåtbyggjar, men er open og for dei som vil lære meir om faget. Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for trebåtbyggerfaget Vg 3 opplæring i bedrift.
Kurslærarar
Vi vekslar mellom ulike kurslærarar.
Arbeidsform
Praktisk arbeid, individuelt arbeid og arbeid i grupper, plenumsdiskusjonar, stutte økter med teoriundervisning og individuell rettleiing og undervisning i grupper.
Modulane i Trebåtbyggjar
KURSREKKJA ER AVLYST PÅ GRUNN AV FÅ PÅMELDTE
Modul 1 Utstikking av hudplank og tetting av kravellbygget skrog 11. – 15. mars 2024, Risør Trebåtbyggeri A/S
Modul 2 Spanteoppslag, bjelkelag og dekk, september/oktober 2024,
Risør Trebåtbyggeri A/S
Modul 3 Motormontering i trebåt, februar 2025, Risør Trebåtbyggeri A/S
Modul 4 - 6 blir haldne hjå Museet Kystens Arv i Stadsbygd.
Tema på dei tre siste modulane blir blant anna klinkbygging. Gjennom praktiske øvingar får deltakarane kunnskap om prinsippa for klinkbygging, bruk og segling med klinkbygde båtar
Kursavgift er 4750,- per modul. I tillegg kjem kost og losji.
Trebåtbyggjar og vegen til sveinebrev
Trebåtbyggjarfaget har lange tradisjonar og skal fungere som kulturberar ved å ta vare på, utvikle og fornye eit tradisjonsrikt handverk. Trebåtbyggjarfaget skal vere med på å sikre berekraftige kystsamfunn og verne kystkulturen ved at trebåtbyggjaren lagar, held ved like, reparerer og restaurerer trebåtar. Faget er ein del av eit maritimt miljø, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Opplæringa skal leggje vekt på praktisk arbeid med materialar, verktøy og teknikkar, samt på utvikling av handverksferdigheiter. Opplæringa skal medverke til å verne om det tradisjonelle handverket og leggje grunnlag for innsikt i og forståing for det særeigne ved materialbruken til trebåtbyggjaren. Opplæringa skal også stimulere til formgjeving og inspirere til idéutvikling, kreativ utnytting av materialar og konstruksjon og bruk av framtidsretta utstyr.
Vegen til sveinebrev
Alternativ 1
Om du vil gå den formelle vegen, så er løpet fireårig, to år er opplæring i bedrift.
Vidaregåande skule:
-
Vg 1: Design og håndverk
-
Vg 2: Båtbyggerfag
-
To års opplæring i bedrift: Trebåtbyggjarfaget
Fullført løp fører til sveinebrev. Ved å gå dette løpet har du også krav på rettleiing, og hjelp i høve til lærlingplass. Dette kan du undersøke nærare ved å ta kontakt med fagopplæringskontoret i ditt fylke.
Alternativ 2
Praksiskandidatar er vaksne som har minst 25 % lengre praksistid i eit lærefag enn den fastsette læretida i faget. Praksisen må vera:
-
Allsidig og dokumentert og etter ei samla vurdering dekke dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for Vg3 / opplæring i bedrift i lærefaget
-
Godkjent av fylkeskommunen før fag- eller sveineprøven kan avleggjast
For å gå opp som praksiskandidat i trebåtbygging må du dokumentere 5 års godkjent praksis i faget i100% stilling. Praksisen må vera godkjent av fagopplæringskontoret i fylket ditt før du kan gå opp til sveineprøva. Du kan få fråtrekk for kurs du har delteke på, og kursrekkja i trebåtbygging skal kunne inngå som grunnlag. Du treng ikkje fellesfaga matematikk, engelsk, naturfag, norsk og samfunnsfag for å gå opp som praksiskandidat, men før du går opp til sveineprøva må du bestå ein skriftleg eksamen i teoretiske læreplanmål i faget. Dette er ein skriftleg eksamen på 5 timar, og den blir arrangert to gonger i året (som regel fyrste veka i desember og fyrste veka i juni). Den som ønskjer å ta eksamen, må melde seg opp som privatist ved ein vidaregåande skule.
Korleis søkje læreplass? Som praksiskandidat må du sjølv skaffe deg lærekontrakt. Lærekontrakt må teiknast med ei godkjend lærebedrift, og den må godkjennast av fagopplæringskontoret. Bedrifta har ansvar for å innhente denne godkjenninga. Du kan bli lærling uansett alder og når som helst på året.
Læreplan Vg3 trebåtbyggjarfaget/opplæring i bedrift
Nyttige nettsider:
Opplæringskontoret for små handverksfag www.smafag.no
Kulturringen www.mia.no/kulturringen
Norsk håndveksinstitutt www.handverksinstituttet.no
Vilbli, Fylkene si informasjonsteneste for søkjarar til vidaregåande opplæring www.vilbli.no
Nasjonal nettportal for informasjon om utdanning og yrke www.utdanning.no