top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

Årsmøte, nytt styre og gripande forteljingar

Oppdatert: 27. mai

Studieforbundet heldt årsmøte på Håndverkeren i Oslo 22. mai. Tradisjonen tru, hadde vi i tillegg til årsmøtesaker, også i år opplæringsaktivitetar i ulike fag på stasjonar. Janne Aasebø Johnsen fortalde gripande og nært om arbeidet til Kulturhjerte på Lillehammer.



Årsmøtet vart innleia av styreleiar Magni Hjertenes Flyum og ei digital helsing frå statssekretær Erlend Kaldestad Hanstveit. Hanstveit la vekt på Studieforbundet som ein verdifull tradisjonsberar som femnar om eit stort fagleg mangfald viktig for felles historie og kulturarv.

Alle oppmøtte organisasjonar presenterte seg sjølve og snakka om fagfelt, prosjekt, medlemmar og kursaktivitet.

 

Generalsekretær i Voksenopplæringsforbundet, Stian Juell, heldt og helsing til årsmøtet. Han snakka om læringsfelleskap som viktig arena for danning av mennesket og demokratiet – ja sjølve føresetnaden for demokratiet, og Studieforbundet si betydning for Voksenopplæringsforbundets styrka identitet og stoltheit.

 

Daglig leiar i Kulturalliansen, Marianne Ween, takka Studieforbundet som pådrivar for og for viktig bidrag til å oppretthalde godt samarbeid mellom ulike kulturorganisasjonar.



Kulturhjerte

Torunn Elise Kveen frå Studieforbundet presenterte Åpent for alle - norsktrening i felleskap, eit treårig, pågåande prosjekt (2022-2024) med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB og IMDI (Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet).

Janne Aasebø Johnsen frå Kulturhjerte og Norsk Amatørteaterforbund hadde eit nært og gripande innlegg om arbeidet med teaterfaget som inkluderende arena, om å få vera ein del av ein flokk og å vekse i eit fellesskap. Vi treng alle ssaman får tid til annan å få moglegheit til å seie ver så god, ikkje berre takk. Sjå den flotte filmen som presenterer Kulturhjerte.


Nøysom, stopping og kva er folkeskikk?

Det vart gjennomført gruppevise aktivitetar i stopping av hol i ull, om Nøysam-prosjektet til Norges Bygdekvinnelag og diskusjonar rundt ytringsfridom og folkeskikk med Human-Etisk Forbund.


Haldbart: Stopping med Reidunn Lien Horgen frå Norges Husflidslag.


Nøysam: Om Nøysam-prosjektet med Astrid Seime frå Norges Bygdekvinnelag.


Etisk dilemma: Ytringsfridom; Lovleg, folkeskikk eller noko midt mellom, med Jørgen Hamre Sveen frå Human-Etisk Forbund.


Nytt styre

Valgkomiteen si innstilling vart vedteke og styret ser nå slik ut:

Magni Hjertenes Flyum, Noregs Ungdomslag, leiar

Solveig Torgersen Grinder, Norges Husflidslag, nestleiar

Joachim Svendsrød, Frilynt Norge, styremedlem

Hege Winje, Human-Etisk Forbund, styremedlem

Hanna Sønsteby, Folkeakademienes Landsforbund, styremedlem

Jorun Henriksen, Norges Bygdekvinnelag, styremedlem

Marit Mørtsell, Forbundet KYSTEN, styremedlem (manglar på bildet)

Einar Raastad, Forbundet for Norske Museumsvenner, 1. vara

Juliane Husvik Sukkestad, Norske Historiske Spel, 2. vara


Reidunn Lien Horgen vart takka av for god innsats som representant for Norges Husflidslag.

221 visninger0 kommentarer
bottom of page