top of page

Nyheiter

Rutinar ved kurs på venteliste

Oppdatert: for 2 døgn siden

Studieforbundet innførte venteliste på 2024-kurs gjeldande frå 03.12.2024.

Alle nye kurssøknadar blir sett på venteliste, og får innvilga tilskot så sant andre trekker sine kurs.


1.    Ordinær søknadsrunde blir stengd       

Kurs som alt er godkjende:

  • Får ikkje tilskot for fleire timar enn det som opprinneleg vart søkt om. Fekk kurset godkjenning for 30 timar ved søknad, men det blir rapportert fleire timar, får det tilskot for dei 30 godkjende timane.

  • Timar utan lærar, eller ein kombinasjon av timar med og utan lærar, kan ikkje endrast til timar med lærar. Som eksempel: Er søknaden godkjend med 5 timar med lærar og 10 timar utan lærar, og det blir rapportert 10 timar med lærar og 5 timar utan lærar, mottar kurset likevel støtte for 5 timar med lærar og 10 timar utan lærar.

  • Manglar utgifter, blir det ikkje purra på dette, og tilskotet blir avkorta.

  • Kurs som får avkorta tilskot (for eksempel på grunn av for lite utgifter, eller timar utan lærar der det skulle vore timar med lærar), kan gjenopnast og leggast på venteliste. Om midlar blir fristilte, får dei etterbetalt restbeløp.

  • Kurs som ikkje blir rapporterte innan fristen, blir ikkje purra på når venteliste er innført. Kursa blir automatisk trekte etter rapporteringsfrist. Skal desse gjenopnast for rapportering, blir dei lagde på venteliste.

  • Som hovudregel blir ingen kurs gjenopna etter siste frist for rapportering, 15. januar.

2. Det blir opna ei ny søknadsrunde (venteliste)     Alle nye søknader blir godkjende med same frist som dei ville hatt som vanleg       søknad, men Studieforbundet kan ikkje garantere kurstilskot.

  • Kursarrangør med kurs på venteliste får beskjed om dette via ei melding på kurset og eit vedtaksbrev som fortel om ventelisterutinar.

  • Kurs på venteliste blir rapporterte som normalt, men blir liggande i ventelista til alle kurs frå vanleg søknadsrunde er ferdigbehandla og vi ser om kursmidlar er fristilte.

  • Kursrapportar på venteliste ligg i prioritert rekkjefølgje etter dato dei kom inn.

  • Kurs på venteliste kan få lågare timetilskot. Dette blir vurdert ut frå kor stort beløp som er disponibelt til fordeling.

3. Det hendar at kurs blir rapporterte for tidleg, eller på feil rapportskjema.Dette kan vera kurs som er søkt med avslutning i 2025, men som blir rapporterte som avslutta i 2024. Dersom eit kurs har blitt søkt med sluttdato til året etter oppstart, er det sett av vaksenopplæringstilskot til det i budsjettet for 2025. Blir kurset likevel avslutta i 2024, blir kurset lagt på venteliste.






136 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Godt 2025!

Comments


bottom of page