Studieforbundet var i perioden 9. -11. oktober på Verdensforum for immateriell kulturarv 2019 - 2019 World Forum for Intangible Cultural Heritage - i Korea. Vår bestilling dit var å snakke om "hånden og ånden". Til dette var Handversskolen på Hjerleid og Norges Husflidslag si satsing gjennom programmet Ung Husflid to strålande gode eksempel å knyte argumentasjonen opp mot.
I byen JenJu i Korea møttest over hundre menneske frå heile verda og Korea, representantar for UESCO og immateriell kulturarv, for å dele kunnskap og erfaring frå sine land i arbeidet med å ta vare på, registrere, samt legge til rette for å utøve immateriell kulturarv i sine respektive land. Vi fekk lære om spesifikke prosjekt og erfaringar gjort i dei ulike landa, og korleis det offentlege og frivillige organisasjonar jobbar for å ta vare på og vidareføre landets immaterielle kulturarv. Spennande dagar!
Studieforbundet sitt oppdrag var å snakke om korleis vi, gjennom våre eigne kanalar og prosjekt, og via medlemsorganisasjonane våre, tek vare på og vidarefører den immaterielle kulturarven vår, særleg handverksfaget, og korleis dette aktivt kan brukast i opplæring, danning og ivaretaking av heile mennesket.
Korleis blir handlingbåren kunnskap blir teke vare på og ført vidare gjennom prosjekt hjå oss og våre medlemsorganisasjonar? Korleis festar kunnskap seg best og skapar ei overordna forståing, og ikkje berre blir lausrevne, enkeltståande fraksjonar av flat og lite brukandes kunnskap? Korleis skapar ein ei djupare og betre forståing og oversyn for fag og faget gjennom å bruke kropp og hender i kunnskapsoverføring og kunnskapsbygging? Korleis kan estetiske fag, i denne samanhengen handverk, verke utjamnande, inkluderande og ventilerande for ungar og ungdom som strevar eller er stressa i eit stramt akademisk løp?
Under kan de lese artikkelen som var grunnlaget for framlegget vårt i Korea:
Action-transmitted knowledge
Opprettet 18.10.2019 | Sist endret 23.10.2019
Comentários