Klinkbygging - ein arv og tradisjon brukt på båtar heilt attende til rundt 300 e.Kr. Studieforbundet kultur og tradisjon har besøkt modul 6 i kursrekkja Trebåtbyggjar. Her lærer dei denne veka klinbygging. Einar Borgfjord ved Museet Kystens Arv i Stadsbygd er stødig og observant kurslærar. Studieforbundet har vore på besøk på kursrekka denne veka.
Modulen tek utgangspunkt i arbeid med tre prosjekt:
Prambygging, nybygd pram frå starten.
Børsa båt, lokal sjark 24 fot. På Børsabåten blir det bording/klinking
Jekt 43 fot blir det bandfelling/nagling med tre naglar
Elevane jobbar praktisk, individuelt og i grupper, plenumsdiskusjonar, stutte økter med teoriundervisning og individuell rettleiing og undervisning i grupper. Kursrekkja rettar seg spesielt mot dei som ønskjer å ta sveinebrev i trebåtbygging, men er open også for dei som vil lære meir om faget. Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for Trebåtbyggjarfaget Vg3 opplæring i bedrift.
Comments