top of page

Nyheiter

Lærerik og artig Arendalsuka

Studieforbundet hadde fire lærerike, travle, og flotte dagar på Arendalsuka. Vi stod for eigne arrangement, var medarrangør, hadde politikarsamtalar, og fekk med oss fleire gode og lærerike debattar og arrangement som andre stod for.

Kva nå? Kva skjer om bunaden kjem på UNESCO-lista?

Medverkande i panelet hadde vi: Unni Irmelin Kvam, debattleiar, Bunadpodden, Eivind Falk, direktør, Norsk håndverksinstitutt, Kornelia Minsaas, SoMe-kreatør og føredragshaldar, Barbro Tronhuus Storlien, Fru Storlien, bunadtilverkar, Norges Husflidslag

Åslaug Sem-Jacobsen, Senterpartiet og Familie- og kulturkomiteen, Mette Vårdal, historikar, Kultivator, Iver Flyum Bjørlo, politikar, Unge Venstre.


Vårt eige arrangement, Kva nå? Kva skjer om bunaden kjem på UNESCO-lista? vart ein brei, engasjert, humørfylt og veldig konstruktiv debatt. Vi snakka mellom anna om det kollektive ansvaret til kvar enkelt av oss allmenne bunadbrukarar, om staten si rolle etter ei innskriving, om tilhøvet og knivinga mellom trend og tradisjon, om skriket etter skuletilbod for saum og tekstil i alt for mange fylke, om opplæringsrolla til det frivillige feltet, om fellesskap og identitet, og kan Unesco i det heile tatt seie nei? Arbeidet som er gjort fører uansett til ei bevisstgjering, skapar identitet og samhald og fortener feiring 6. desember – uansett.

Debatten kjem i Min bunad, bunadpodden!

Barbro Tronhuus Storlien og Mette Vårdal la vekt på at handverket må vidareførast, medan Åslaug Sem-Jacobsen la vekt på vidareføring frå generasjon til generasjon.


Eivind Falk orienterte godt om korleis ei slik innskriving går føre seg og om korleis den kan evne å samle utøvarar og tradisjonsberarar landet over.

Ein ung, men svært dyktig Iver Flyum Bjørlo frå Venstre, understreka kor viktig det er at barn, også gutar, veks opp med bunad og tradisjonshandverk rundt seg.

Influensar, SoMe-kreatør og bunadsentusiast, Kornelia Minsaas, meinte vi må hegne betre om tradisjonane våre.


"Det hjelp ikkje om nokon har lyst til å byrje å sy, om dei ikkje har moglegheit til å lære det", sa Barbro Tronhuus Storlien. Barbro gjorde oss merksame på dei store hola i utdanningstilbodet innanfor saum og tekstil. Berre 11 skular i Noreg har tradisjonell vg2 saum og tekstil, fire fylke manglar fullstendig tilbod om dette, og Innlandet fylke har kun eit privat tilbod.

Debattleiar Unni Irmelin Kvam var godt budd og fylgde godt opp innspela frå panelet. Vi gler oss på episoden av Bunadpodden basert på opptak frå debatten, den trur vi blir veldig bra!


Bak debatten stod gruppa med organisasjonar som har jobba med nominasjonen for å få den allemenne bunadbruken i Norge inn på Unescos liste for menneskehetens immaterielle kulturarv: Studieforbundet kultur og tradisjon, Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk folkedraktforum, Norsk institutt for bunad og folkedrakt.


Demokratiet er forsvar og beredskap

Sterk sivil sektor og sterk frivillig sektor er ein føresetnad for demokratiet, og demokratiet er i neste rekkje vårt forsvar og vår beredskap. Det frivillige feltet har høg tillit hjå den norske befolkninga, og å delta i eit styre, på årsmøte og i budsjettarbeid betyr meir enn trur. Dette skapar organisasjonserfaring og ryggmarksrefleks. Strålande innleiing av Jette F. Christensen, strålande panel og veldig, veldig viktig tema. Vi var stolt medarrangør saman med Vofo og fleire studieforbund for debatten "Frivillige organisasjonar er viktige skular i demokrati".


Politikar-prat

Samtalar over kafebordet med ein og ein politikar har vokst seg til å bli svært nyttige møtepunkt, nyttigare og meir "hands on" for kvart år. I år hadde vi samtalar med Tage Pettersen, Høgre og Kultur- og familiekomiteen, Kari-Anne Jønnes, Høgre og Utdannings- og forskingskomiteen, og Torstein Tvedt Solberg, Arbeiderpartiet og Familie- og kulturkomiteen.

Vi snakka om evaluering av tilskotsordning, endring i Arbeidsmiljøloven, realkomeptansevurdering og statens rolle i Unescoarbeidet. Vi lar oss imponere av engasjement og stor innsikt og kunnskapsnivå om Studieforbunda og det frivillige feltet sine utfordringar, styrkar og betydning for samfunns- og menneskjebygging. Studieforbundet har stor nytte av å tenkje høgt saman med politikarane, og finne løysingar og måtar å ta utfordringane vidare. Med på samtalane var Torgeir Toppe, seniorrådgjevar i Voksenopplæringsforbundet (Vofo), Magni Hjertenes Flyum, generalsekretær i Noregs Ungdomslag og styreleiar i Studieforbundet, Kjærsti Gangsø, dagleg leiar i Studieforbundet, og Torunn Elise Kveen, kommunikasjonsrådgjevar i Studieforbundet.





21 visninger0 kommentarer

Comentarios


bottom of page