top of page

Nyheiter

Kuttet i forslag til statbudsjett er reversert

Oppdatert: 10. feb. 2022


Venstre og KrF har vorte einige med regjeringspartia Høgre og Frp om statsbudsjett for 2018. Budsjettavtalen inneber en reversering av kuttet til studieforbunda på 22,5 millionar. Takk til Venstre og KrF for støtte og tillit. Fleire av dei andre opposisjonspartia hadde også ei reversering av kuttet i sine alternative budsjett.

Seint onsdag 22. november vart det klart at regjeringas budsjettforhandling har ført til reversering av det føreslåtte kuttet på 22,5 millionar kroner til studieforbunda. Studieforbundet kultur og tradisjon feirar budsjettet med kaffi og sjokolade på kontoret i Vågå.

  • Dette må vi feire! Heilt sidan 10. oktober har vi stått på og arbeidd for å få snudd dette kuttet. Melding om at vi har lykkast med å få kuttet reversert, var ein gledeleg presang å få saman med bursdagskaka i går, seier Kjærsti Gangsø, dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon.

Det føreslåtte kuttet på 22,5 millionar kroner ville ramma tilskotet til opplæring i songkor, musikkorps, livredning, blindeskrift, teater, leiing, IT for seniorar, husflid, handverk, snøskredfare, spansk, organisasjonsdrift og livsmeistring for kronisk sjuke og mykje meir.

  • Vi må takke Venstre og Krf for at dei viste oss støtte og tillit og sto på krava i forhandlingane. Samtidig har vi sett eit stort engasjement frå medlemmane våre, fylkesledd, organisasjonar, lokallag og enkelt-eldsjeler. Hundrevis har forfatta lesarinnlegg, snakka med politikarar på lokalt nivå, fylkesnivå og nasjonalt nivå, samt bidrege på andre måtar til å få fokus på kvifor arbeidet til Studieforbundet er så viktig, seier ei glad Gangsø. – Det frivillige står styrka attende.

Enorm mobilisering Same dag som Regjeringa la fram forslaget til kutt, mobiliserte Voksenopplæringsforbundet, studieforbunda og medlemsorganisasjonane samla. Eit imponerande mengd lesarinnlegg, artiklar og oppslag er skreve i over 100 forskjellige lokal-, regional-, og riksmedium av studieforbund, medlemsorganisasjonar og einskildpersonar har skrivi inn.

  • Det er gjort eit enormt arbeid for å stoppe dette kuttet. Det er godt å sjå at dette engasjementet har gjeve resultat. Eg vil gjerne gratulere og seie hjarteleg takk til alle som har stått på, avsluttar Gangsø.

Ønskjer du meir informasjon om reverseringa av kuttet, kontakt oss gjerne.


3 visninger0 kommentarer

コメント


bottom of page