top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

Kursarrangørundersøking 2024

Oppdatert: 14. feb.

Det er lurt av og til å stoppe opp litt, sjekke litt og spørje litt. I ein organisasjon som Studieforbundet, der vi skal serve mange ulike medlemsorganisasjonar med alle sine ulike medlemslag, kvar med sine eigenartar, kan det vera ei utfordring å treffe alle, og å vera relevant for alle. Alltid kan vi bli litt betre, alle.

Vi har i denne undersøkinga undersøkt litt korleis kursarrangørane/studieleiarane opplever møtet med Studieforbundet.


Respondentutval

Undersøkinga gjekk ut til kursarrangørar direkte via e-post med svartidsrom november og desember 2024. Vi fekk 487 svar, 19% menn og 81% kvinner. Det var noko større del menn  av respondentar frå teaterfeltet og Forbundet KYSTEN enn snittet.

Snittalderen frå respondentane er høg, 66% er 60+, 85% over 50.

Ca 40% har vore kursleiar/kursarrangør mellom 1-3 år, 21% 4-6 år og 11% 7-9 år. 



Trendar

Undersøkinga gjev nærast identiske svar og trendar som ei undersøking gjennomført i 2019. Respondentane er svært tilfredse med sørvis over telefon og e-post, responstid, korleis Kursportalen er innretta og behandlingstid på søknadar. Dei finn nettsida relevant, finn fram og brukar den som eit nyttig verktøy. Færre enn forventa fylgjer oss på facebook, eller er facebookbrukarar i det heile, men dei som fylgjer, finn Facebook relevant. Eit lite utval, 27 av 487, foreslår i tillegg bruk av Instagram, dersom vi skulle utvide med fleire aktive plattformar.

Vi ser eit avvik frå trenden ved Seniordans Norge, som er den respondentgruppa som melder utfordringar med Kursportalen som teknisk vanskeleg og tidkrevjande. Dei melder likevel om god hjelp å få frå Studieforbundet, og vi opnar opp for å få søke og rapportere på papir der det er nødvendig.

93% av utvalet brukar ikkje, eller veit ikkje om dei nyttar seg av Kopinoravtalen, 70% svarar nei. Kopinoravtalen er informert om på nettsidene og på kurs og i møte med kursarrangørar og kurslærarar.

 

Konklusjon

Vi ser ei auke i kurstimar og god tilgang på nye arrangørar og medlemsorganisasjonar. I løpet av 2025 skal vi gjera ein analyse av ressursbruken på sosiale medium.  Av undersøkinga trekkjer vi konklusjonen at vi i overskueleg framtid held på rutinar og arbeidsmåtar i samband med kurssøknadar og -rapportering, likeeins i arbeid med nettside og Facebook og Instagram.

 

23 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Комментарии


bottom of page