top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

Kor norsk er bunaden? Er det viktig?

Oppdatert: 10. feb. 2022

Kven skal sy bunadane våre? Skal vi kunne sy våre eigne? Er det lov å ha litt for kort stakk? Må det sjå perfekt ut, da? Må den vera norsk? Må det bli så dyrt? Spørsmåla var mange og engasjementet stort under seminaret «Hvor norsk er bunaden? Er det viktig?» Vel femti personar fylte alle sitteplassar og paneldeltakarane hausta stort engasjement og frisk debatt. Dei fleste publikum hadde kome eins ærend til Arendal for nettopp dette seminaret. Dette er tydeleg ei problemstilling vi må ta vidare.



Barbro Tronhuus Storlien opna seminaret med å fortelje litt om kva som definerer ein bunad og korleis den er basert på eldre kledeskikk i landet vårt. I Noreg har vi rundt 450 ulike bunadar, og heile 70 % av norske kvinner eig ein eller fleire bunadar. Bunadane endrar seg gjennom tida, nokon meir, nokon mindre. – Bunaden gjev meg identitet. Eg veit kven som har vevd stoffet, og kven som har sydd bunaden. Den seier noko om kor eg kjem frå. Da blir det for meg ikkje berre ein tekstil, sa Barbro Tronhuus Storlien, leiar i Norges Husflidslag. – Korleis vi snakkar om bunaden, speglar samfunnet, sa Mette Vårdal, leiar i NU. – Kulturen er statisk, men bunaden endrar seg. Det som er nettopp typisk norsk med bunadstradisjonen er at vi bruker den. Alle som kan, må ta med seg neste generasjon på å sy bunadar. Det er fyrst når vi deler, at kulturen lever. Vi må tole at det ikkje ser så bra ut med det same, heldt ho fram. I panelet satt og Cecilie Knibe Kroglund, leiar i Agder Arbeiderparti og fyrste vara til Stortinget. Ho peikte på kor viktig der er å ta vare på, og formidle vidare kulturarven mellom anna gjennom studieforbunda. Debatten gjekk friskt, og nyanserte perspektiv kom fram. Nils Ramsøy, rådgjevar i Voksenopplæringsforbundet, var moderator. Norsk Flid Husfliden Arendal synte fram flotte bunadar frå Agder.


Cecilie Knibe Kroglund presiserte bunadens viktige rolle som levande og interessant del av norsk kultur. Ho snakka om korleis endringar på alle område utfordrar det kulturuttrykket vi har, korleis faste tradisjonar treng å bli utfordra. Bunaden og handverket er viktig å halde i hevd. - Ikkje kutt i løyvingane til studieforbunda. Det handlar om samfunnsdeltaking, skape samhald og hindre ekskludering. Det er ein viktig del av vårt demokratiprosjektet, meinte Knibe Kroglund.


Leiar i Norges Husflidslag, Barbro Tronhuus Storlien, sette mellom anna ord på kva tradisjonen og tilhøyrsla betyr for henne. - Bunaden viser kven eg er. Den gjev meg identitet, syner mi historie og er eit uttrykk for tradisjonshandverk. Den viser kvar eg er frå. Eg veit kven som har vevd stoffet og kven som har sydd stakken. Men sjølv Barbro, som bunadtilverkar, stakk fingeren i jorda og sa at vi kanskje må godta at noko av produksjonen går føre seg i utlandet. Men så langt det er råd, meiner ho vi må strekkje oss for å få det meste av produksjonen til Noreg. Før var bunaden sydd i familien, av i all hovudsak kvinner, og arbeidet var, og er framleis, svært tidkrevjande.

Bunaden treng ikkje vera så dyr. For å få ned kostnadane kan ein velje ein bunad med mindre broderi på, ein kan sy sjølv eller sjå etter bunadar å få kjøpt brukt. Ein treng ikkje kjøpe alt på ein gong, men samle litt over tid. - Vi har skapt oss ei sannheit om at bunaden er dyr. Det er vår eigen feil, meinte Mette Vårdal.


Salen hadde spørsmål omkring tilgang på systematisk opplæring på området. Det er ei utfordring å skaffe kurslærarar til kurs i bunadssaum. Dette kjem neppe av at ingen kan handverket. Snarare kan det vera at potensielle kurslærarar ikkje trur dei kan. Det blir jobba kontinuerleg med opplæring rundt om i landet. Utfordringa, utanom å skaffe kurslærarar, er å få økonomien i kursa til å gå opp. Pengar må investerast i slike kurs for å få produsentar, og vi må ha systematisk kurslæraropplæring.

På tampen av seminaret informerte direktør i Norges Husflidslag, Marit Jacobsen, om det komande arbeidet med anerkjenning av norsk bunadstradisjon på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Lansering av dette arbeidet kjem under Fagdagane i Bunad og folkedrakt på Fagernes i slutten av august. - At vi brukar bunaden i så varierte og allsidige situasjonar, er nettopp noko av det som er så unikt med Noreg, samt mangfaldet av bunadar, presiserte Marit. - Det må gjevast ein ekstra stimulans for dei som har lærlingar. Ein levande diskusjon er med på å skape levande bunad.

  • Vi har gjort det til ei spesialistgrein. Vi skal ha det gøy og vere romslege, sa Mette Vårdal. - Vi må ha gode kurs, men vi kan ikkje gå rundt med måleband og sjekke bunadar i bruk, avslutta Barbro Tronhuus Storlien. Vi er svært nøgde med oppmøtet og med fagleg innhald. Dette er tydeleg eit tema som er interessant for mange. Seminaret under Arendalsuka var halde i samarbeid med Norges Husflidslag og Norsk Flid Husfliden Arendal.


5 visninger0 kommentarer
bottom of page