Studieforbundet jublar på vegne av smedfaget, båtbyggjarfaget og bunadsfaget! Alle tre faga er dei attende på lista over verneverdige tradisjonshandverk i vidaregåande opplæring. Og nå treng vi heller ikkje vera redde for at dei skal bli "for trendy".
Studieforbundet samarbeider med Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag og Norsk Folkedraktforum om Bunadopplæringa – ei modulrekkje på seks modular. Vi samarbeider med Forbundet Kysten om Trebåtbyggjar - ei modulrekkje over ni modular, og vi er medeigarar saman med stiftelsen Norsk Kulturarv i Handverksskolen på Hjerleid på Dovre - ein friskule med eiga smedline. Alle desse tre opplæringstilboda kan vidare inngå som ein del av vegen til sveinebrev som bunadstilverkar, trebåtbyggjar og smed. Slik er det ekstra gledeleg for oss at alle våre fag nå har fått plass att på lista over verneverdige tradisjonshandverk.
Eitt av kriteria til fag for å kunne stå på lista over verneverdige tradisjonshandverk, var tidlegare at faget måtte ha færre enn 15 nye lærlingkontraktar over ei treårsperiode. Dette kriteriet hadde som følgje at enkelte fag, dei tre nemnde over inkludert, samt hovslagarfaget, vart teke vekk frå lista for ei tid attende. Utdanningsdirektoratet tek nå vekk dette kravet. For våre tre fag kan dette mellom anna bety større forutsigbarheit i utdanningsløpet. Fag som står på lista over verneverdige tradisjonshandverk (tidlegare små verneverdige fag), kvalifiserer til ekstra fylkeskommunale tilskot. Det betyr at dei bedriftene som tek inn lærlingar i desse faga, får eit ekstra tilskot frå Utdanningsdirektoratet per lærling i tillegg til basistilskotet. Det er svært viktig for å ivareta fag, for rekruttering og ikkje minst for tilrettelegging for lærlingplassar at dette ekstratilskotet finst. På lengre sikt kan bortfallet av øvre grense for lærlingkontraktar og resultere i ei kjærkomen styrking av faga i konkurransen mot billegare industriell produksjon eller produksjon lagt til utlandet. Det gler oss også at regjeringa ønskjer å forsterke yrkesfaga og styrke samarbeidet mellom skule og arbeidsplass gjennom det såkalla yrkesfagløftet og lærlingløftet.
Følgande kriterium gjeld for å kunne kome på lista over verneverdige tradisjonshandverksfag:
• Faget skal vera ein del av tilbodsstrukturen for vidaregåande opplæring, eller vera godkjent som eit forsøk. • Faget er trua og fagkunnskap står i fare for å dø ut på grunn av mangel på ny rekruttering. • Faget skal ivareta tradisjonelle handverksfaglege teknikkar, materialar og metodar. • Faget har kulturell verdi, som det av samfunnsmessige årsakar er viktig å vidareføre.
Dei nye kriteria betyr at faga bunadstilverkar, hovslagar, smed og trebåtbyggar som før har falt ut av oversikta over verneverdige fag, nå heldigvis er inne att på lista. Endringa av kriterium har ein klar samanheng med tilrådinga i rapporten frå yrkesfagleg utval for immateriell kulturarv og verneverdige fag, Lenge leve tradisjonshåndverket! (Udir, 2016). Utvalets mandat var å vurdere dagens kriterium om kor vidt eit fag er verneverdig, og ved behov foreslå endringar. Utvalets tilråding var å fjerne avgrensinga på 15 kontraktar og heller fokusere på fagets styrke og posisjon som felles kulturarv og bevaring av tradisjonelle handverksfaglige teknikkar, materialbruk og bruksmåtar for verktøy.
Comments