top of page

Nyheiter

Hurra, vi har ny medlemsorganisasjon!

Oppdatert: 10. feb. 2022

Vi har frå 1.1. i 2020 med oss Norges Bygdekvinnelag inn i det gode fellesskapet vårt. Vi er stolte og glade og ønskjer dei hjarteleg velkomne!

Visjonen til Bygdekvinnelaget er å vere ein møteplass for aktive kvinner. Over 70 år som organisasjon med hjarte for matkultur og råvarer har sett spor. I dag er dei lokale bygdekvinnelaga våre rundt om i landet blant bygdenes og landets viktigaste formidlarar og beskyttarar av norske mattradisjonar og sunn matglede.


Norges Bygdekvinnelag vart oppretta som sjølvstendig kvinneorganisasjon 15. november 1946, under namnet Norges Bondekvinnelag. Organisasjonen vart skild ut frå Norges Bondelag med mål om å få kvinnene meir med i arbeidet for bygdefolket. Per i dag har Bygdekvinnelaget har 13 500 medlemmar i over 450 lokallag og 18 fylkeslag. Lokallaga er kjenneteikna ved mykje aktivitet og eit godt fellesskap. Bygdekvinner har det moro saman og gler seg til å vere med i lokal aktivitet og opplæring. Bygdekvinnelaget skolerer sine tillitsvalde, og eit verv i bygdekvinnelaget gjev læring for livet.



Bygdekvinnene jobbar og med bevisstheit rundt forbrukarspørsmål, gjennomfører årlege aksjonar, bidreg til økt matkunnskap og betre folkehelse, og er opptekne av trygg mat og god informasjon om maten vi et. Dei er synlege og tydelege som samfunnsaktør, politisk plattform er brukt aktivt i heile organisasjonen - og dei blir høyrde.

Bygdekvinnelaget kjempar for likeverd og likestilling og viser kvinnesolidaritet utan grenser, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Med alle gode arbeidsområde og ein grunnideologi som vist til over, er det vel inga stor overrasking om vi seier vi er stolte og glade for å få Bygdekvinnelaget med i fellesskapet vårt.

Vi ønskjer dei hjarteleg velkomne!


4 visninger0 kommentarer

Comments


bottom of page