top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

HURRA! Vi har fått 250 000kr frå IMDI!

Oppdatert: 10. feb. 2022

HURRA! Vi har fått midlar til språkopplæring og inkluderingsarbeid! Studieforbundet strekkjer seg etter ei rekkje overordna mål. Minst to av desse måla omhandlar inkludering, integrering og å motverke utanforskap. Det frivillige feltet har mykje å bidra med i arbeidet med å inkludere, integrere og motarbeide utanforskap. Vi kan bidra til å styrke kulturelt mangfald og auke deltaking i kulturlivet. Vi kan gjere det mogleg for menneske å påverke eigen livssituasjon, motarbeide utstøyting og bidra til inkludering.


Foto: Even Lusæter, NRK

Prosjektmidlar gjennom IMDI kan i stor grad bidra til eit godt arbeid for å strekke oss mot desse måla. Med midlane bi fekk i 2019 lykkast vi med å få med fleire innvandrarar på ordinære kurs, og vi lykkast med å arrangere fleire spesialtilpassa kurs med innvandrarar som målgruppe og språklæring og kulturlæring som overordna mål. Studieforbundet arrangerte og ei fagsamling i samarbeid med VOFO Innlandet.

For 2020 jublar vi for tilsagn på 250 000kr og vi kan halde fram det gode arbeidet. Har laget ditt starta opp kurs, eller har tenkt å starte opp kurs i 2020, som inkluderer deltakarar med svake norskkunnskapar, eller er tilrettelagt for ei gruppe med svake norskkunnskapar, der av måla med kurset er inkludering og språkopplæring, ta kontakt med Studieforbundet.


Comments


bottom of page