HURRA! Vi har fått midlar til språkopplæring og inkluderingsarbeid! Studieforbundet strekkjer seg etter ei rekkje overordna mål. Minst to av desse måla omhandlar inkludering, integrering og å motverke utanforskap. Det frivillige feltet har mykje å bidra med i arbeidet med å inkludere, integrere og motarbeide utanforskap. Vi kan bidra til å styrke kulturelt mangfald og auke deltaking i kulturlivet. Vi kan gjere det mogleg for menneske å påverke eigen livssituasjon, motarbeide utstøyting og bidra til inkludering.
Foto: Even Lusæter, NRK
Prosjektmidlar gjennom IMDI kan i stor grad bidra til eit godt arbeid for å strekke oss mot desse måla.
Med midlane bi fekk i 2019 lykkast vi med å få med fleire innvandrarar på ordinære kurs, og vi lykkast med å arrangere fleire spesialtilpassa kurs med innvandrarar som målgruppe og språklæring og kulturlæring som overordna mål. Studieforbundet arrangerte og ei fagsamling i samarbeid med VOFO Innlandet.
For 2020 jublar vi for tilsagn på 250 000kr og vi kan halde fram det gode arbeidet. Har laget ditt starta opp kurs, eller har tenkt å starte opp kurs i 2020, som inkluderer deltakarar med svake norskkunnskapar, eller er tilrettelagt for ei gruppe med svake norskkunnskapar, der av måla med kurset er inkludering og språkopplæring, ta kontakt med Studieforbundet.
Comentarios