top of page

Nyheiter

Hjerleid - aldri så vakker som ved dronningbesøk

Oppdatert: 10. feb. 2022

– Fantastisk å vera eigarar av Hjerleid i dag, seier styreleiar i Handverksskolen og dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon, Kjærsti Gangsø. – Vi er så stolte over skulen, over elevar og lærarar og ikkje minst over rektor Helle Hundevadt, primus motor og Hjerleid sin puls og grunntone. Alle gjorde ein fantastisk jobb!

Imre Aalbu viser Dronninga noko av trearbeidet han har laga.


Ved Hjerleid skole- og håndverkssenter blir tradisjonshandverk med røter fleire hundre år attende i tid halde høgt i hevd. Dronning Sonja besøkte onsdag eins ærend smedar, treskjerarar, malarar og laftarar for å bli betre kjent med Hjerleid, elevar og opplæringstilbod. Elevane forklarte og viste fram, om korleis maling blir til, og sette endatil Dronninga sjølv ved saga for å ferdiggjera moskus i eik til å få med seg heim. Og Dronninga nølte ikkje, tok utfordringa på strak arm, ned i veska og på med brillene. Her skulle sagast!


Ei reise i tid

Dronninga sitt besøk på Hjerleid var lagt opp som ein rundtur innom sju ulike avdelingar og utdanningsmoglegheiter som er i institusjonen på Dovre. Dronninga viste stor interesse og var på sett og vis med på ei reise mange hundre år attende i tid. Ho fekk mellom anna høyre om korleis ein lagar maling basert på gammal tradisjon, av mjøl, salt, vatn og pigment, maling elevane på studieretninga Overflateteknikk skal bruke til å male eit gammalt stabbur og steinfjøs på Dovres freda prestegard.

Dronninga fekk med seg heimelaga blekk, fekk prøve sag og designstol, og inngåande innføring i korleis eit lafta stabbur blir til. Elevar og tilsette var godt førebudde, imøtekomande og svært flinke, alt gjekk på skinner og Hjerleid skein om kapp med sola.


I smia vart Dronninga møtt med sleggeslag og informasjon frå Lennart Hoffmann. Miriam Morinoko, lærling i bedrifta Kvass, fortel om bedrifta og syner fram designstolen dei har i oppdrag å produsere og Finn Aalstveit Wilson, på studieretninga Overflatebehandling, tykte det var stor stas å vise Dronninga korleis dei laga maling i riktig gamle dagar.


Dronninga får inngåande innføring i korleis eit lafta stabbur blir til av elev Lukas Wasmuth og hiv utan å nøle på seg brillene for å sage ferdig sin eigen moskus i eik under kyndig leiing av Martin Bjørk Halvorsen.


Hjerleid skole og håndverkssenter

Hjerleid skole og handverkssenter, tidligere Hjerleids Husflidsskole og annet, er eit kultursenter og ein friskule på Dovre som mellom anna gir opplæring i treskjering, smiing og andre tradisjonshandverk. Skulen er eigd av Stiftelsen Norsk Kulturarv og Studieforbundet kultur og tradisjon og er eit viktig et kompetansesenter for tradisjonshandverk og bygningsvern.. Handverksskolen på Hjerleid er landets einaste vidaregåande skule med Vg2 i Design og trearbeid og Vg2 i Smed med vekt på treskjering og smiing. Etter læretid kan elevane ta sveineprøve som smed eller treskjerar. Hjerleid "Håndgjerningsskole for gutter" vart etablert i 1886, på ei tid der det vart oppretta handverks- og husflidskular over heile landet, mellom anna for å ta vare på folkekunsten etter kvart som industrialiseringa overtok mange av dei tradisjonelle oppgåvene til handverkarar.

H.M. Dronning Sonja vart helsa velkommen til Hjerleid på Dovre av fylkesmann Knut Storberget, ordførar Astrid Skomakerstuen Ruste, politimeister Johan Brekke, rektor Helle Hundevadt, styreleiar Kjærsti Gangsø og elevrådsleiar Endre Kvarmestøl. Dronninga fekk eit godt innblikk i innhaldet i Hjerleid skole og håndverkssenter i løpet av besøket, som starta med ei orientering om skulen og handverkssenteret. Fleire kulturbaserte verksemder held til ved Hjerleid - både skule, organisasjonar og små bedrifter. Dronninga manøvrerte elegant mellom amboltar, slegger, sak, økser og malarkostar, fylgde interessert med og stilte spørsmål - ei stor lita dame, Dronninga vår.

På Dovre Handverksenter fekk Dronninga helse på Steinar Moldal. I 2014 fekk han Riksantikvarens minnepris saman med rektor Helle Hundevadt, og i 2018 vart dei tildelt Dovre kommunes kulturpris for innsatsen deira for kulturlivet i Dovre kommune.


25 visninger0 kommentarer

Comments


bottom of page