top of page

Nyheiter

Gledeleg statsbudsjett

Oppdatert: 9. okt.

Regjeringa foreslår å oppretthalde tilskot til studieforbund på omtrent same nivå som i 2024, med priskompensasjon. Dette var som forventa, men like fullt gledeleg.


Studieforbunda fekk i 2023 181 millionar kroner, i år er foreslått 188 millionar. Dette er omtrent vidareføring på same nivå, med prisjustering. Det er vi tilfredse med.



I 2025 skal evalueringa av delinga mellom dei to departementa vera fullført. Resultatet av denne avgjerda, som vart gjennomført i beste meining frå og med 2021, har dessverre ført til ei aukande skeivfordeling mellom dei studieforbunda som høyrer til Kultur- og likestillingsdepartementet (som Studieforbundet kultur og tradisjon er ein del av) og dei som vart verande i Kunnskapsdepartementet. Den utgjer nå ca 40% pr kurstime i disfavør av studieforbund i Kulturdepartementet. Skeivfordelinga kjem av fleire faktorar, men det mest inngripande er at Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse ikkje lenger kan justere tilskotsbeløpa mellom studieforbunda basert på faktisk studieaktivitet, sidan dei to pengesekkane ikkje kan vurderast samla. Denne skal sluttførast i 2025, og vi forventar at evalueringa blir teke omsyn til for budsjettet 2026.


Skulle det vera noko å sette fingeren på, så er det at vi finn det underleg at det ikkje allereie nå blir gjort noko for å tette noko av gapet mellom heilt like organisasjonar som får så ulikt tilskot pr time, slik vi opplever det i Kultur- og likestillingsdepartementet samanlikna med Kunnskapsdepartementet, seier dagleg leiar, Kjærsti Gangsø. Vi hadde sett for oss at det skulle vera noko grad av justering allereie i år.





Gledeleg er det å finne ei lita auke av tilskot til Vofo, som er ein viktig paraply for studieforbunda.

Tilskot til Kulturalliansen blir vidareført på same nivå, noko vi undrar oss over. Kulturalliansen er vorte ein viktig samtalepartnar og samarbeidspartnar for det offentlege på mange nivå, difor underleg at Kulturministarar ikkje ser betydinga av å styrke organisasjonen for å sikre god kvalitet og utvikling for det frivillige kulturfeltet.

 












87 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

コメント


bottom of page