Under Håndverk+ i Vågå ønskjer Studieforbundet å debattere korleis bunaden verkar å vera sterkt prega av eigne normer, lover og reglar, og korleis den er utsett for bunadspoliti og dommarar. Må det absolutt vera sånn eller slik? Foto: Trøndelag, Telemark og Gudbrandsdalen her representert ved vokalgruppa Damer i D-dur frå Vågå.
Håndverk+
Håndverk+ blir arrangert for andre gong i Vågå 5.- 9.juni 2019. Målet er at dette skal bli eit årvisst arrangement, der overordna ønskje er å løfte tradisjonsrikt handverk inn i framtida. Dette skapast gjennom å lage ein møteplass for designarar, handverkarar og produsentar til tverrfaglege verkstader, der desse kan utveksle idear og kompetanse, og, ikkje minst, få jobbe saman. Håndverk+ skal vera debattforum for tradisjonshandverk og design som inspirerer og provoserer, vera utstillingsvindauge for tidsaktuelt handverk og design, og bidra til at tradisjonshandverk overlever i gammal og ny drakt. For publikum byr Håndverk+ på utstillingar, foredrag, debattar og kurs. Håndverk+ er eit samarbeid mellom initiativtakar og interiørdesignar Kirsten Visdal, Vågå kommune, Stiftelsen Norsk Kulturarv, Gudbrandsdalsmusea, Vågå Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Program Håndverk +
Må det vera sånn eller slik?
Under Håndverk+ ønskjer Studieforbundet å debattere korleis bunaden verkar å vera sterkt prega av fastlåste normer, lover og reglar. Vi ynskjer å debattere korleis den er utsett for bunadspoliti og dommarar, og kva dette kan gjere med bruks- og eigargleda hjå den enkelte av oss. Det er dessutan interessant å sjå litt på korleis bunaden har vorte påverka av moter og trendar. Er bunaden som den alltid har vore, og blir den produsert og brukt slik den ein gong vart utforma? Er det forskjell på dei rekonstruerte bunadane og resten, og er det strengare reglar for nokon? Mette Vårdal er hovudinnleiar på seminaret. "Folkedrakta er skapt i ei ellevill glede. Om det berre blir reglar, så mistar ein noko vesentleg som folkedrakta opphaveleg hadde" , er Mette sitert på som leiar i Noregs Ungdomslag i avisa Nationen fyrst i mai i år. " Pendelen må svinge litt tilbake, slik at det blir mindre strengt og meir overskot og glede", meiner Mette. Med seg i panelet har ho mellom andre leiar i Norges Husflidslag, Barbro Tronhuus Storlien og bunadsmeister Mona Løkting.
Har du lyst til å vise oss bunaden din?
Etter debatten ønskjer vi å vise farm eit utval bunadar, og frir med dette til bunadsberande vagværar eller tilreisande. Har de lyst til å syne fram akkurat din bunad i Ullinsvin 8. juni, saman med forhåpentlegvis mange fleire? Vi ynskjer både lokale bunadar og folkedraktar, og frå elles i Norge. Med dette vil vi gjerne syne ikkje berre mangfaldet av bunadar og folkedrakter over heile Norge, men og utviklinga av desse gjennom ulike stil- og tidsepokar. Meld deg til torunn@kulturogtradisjon.no.
Comments