20. juni vart dei nasjonale smitteverntiltaka opna ytterlegare gjennom trinn 3 i gjenopningsplanen.
NB: Desse råda tek utgangspunkt i nasjonale krav og tilråingar. Lokale smitteutbrot, eller andre omsyn, kan medføre strengare krav og anbefalingar i din kommune. Er de i tvil om gjennomføring av aktivtitetar, så ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen.
Det viktigaste er:
Det er oppmoda til aktivitet utandørs, heller enn innandørs.
Deltakarar på idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar unntas frå anbefalinga om 1 meters avstand, både utandørs og innandørs, der det er naudsynt for å utøve aktiviteten.
For vaksne er tilrådd gruppestorleik inntil 30 personar innandørs og 40 personar utandørs.
Vaksne dansarar, musikarar og scenekunstnarar som ikkje er profesjonelle kunstnarar, får unntak frå 1-metersregelen på både utandørs og innandørs kulturarrangement, dersom dei elles trener eller øver saman.
Tal deltakarar på aktivitetsleir og andre fritidstilbod, som samlar mange personar og varer over fleire dagar, er tilrådd avgrensa inntil 300, og deling av deltakarane i grupper på omtrent 40 personar. Det er her ikkje krav om å halde 1 meter avstand, men gruppene bør i størst mogleg grad ha dei same deltakarane og leiarane gjennom heile aktiviteten.
Privat arrangement:
Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde/lånte lokale, inne og ute.
Offentleg arrangement:
Innandørs inntil 400 personar (200 x 2 kohortar) utan faste tilviste sitteplassar, men 1000 (500 x 2) dersom alle i publikum sit i faste tilviste plassar.
Med adgangstest og koronasertifikat; 50 % kapasitet opp til maks 1 000 personar (delt i kohortar på inntil 500) utan faste tilviste sitteplassar, men 50 % kapasitet opp til maks 2 500 personar delt i kohortar på inntil 500 dersom alle i publikum sit i faste tilviste plassar.
Utandørs inntil 800 personar (200 x 4 kohortar) utan faste, tilviste sitteplassar, men 2000 personar (500 x 4 kohorter) dersom alle i publikum sit i faste, tilviste plassar.
Med adgangstest og koronasertifikat; 50 % kapasitet opp til maks 2000 personar (delt i kohortar på inntil 500) utan faste tilviste sitteplassar, men 50 % kapasitet opp til maks 5000 personar delt i kohortar på inntil 500 dersom alle i publikum sit i faste, tilviste plassar.
Komentar