top of page

Nyheiter

Bunadbruk er nå på Unesco-lista!

Oppdatert: for 9 timer siden


Med stor glede og stoltheit kan vi nå dele den fantastiske nyheita: «Bunadbruk i Noreg – tradisjonshandverk og sosial praksis» er offisielt innskriven på UNESCO si liste over verdas immaterielle kulturarv. Torsdag 5. desember vart dette kunngjort under møtet i Asunción i Paraguay.


Den 5. desember 2024 vart bunadbruk i Norge etter einstemmig vedtak løfta inn på UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv. Med representantar frå heile verda samla, stod bunaden i flomljos da dette vart offentleggjort på UNESCO sitt 19. internasjonale møte om vern av immateriell kulturarv. Ein stor takk til alle som har bidratt med innspel, fagkunnskap, erfaringar og engasjement undervegs!

Vi gjorde oss godt synlege i bunad over fleire dagar, og poserte for tallause fotografi saman med representantar frå rundt om i verda. Bunadbruken vår fekk mykje positiv merksemd i Unesco-miljøet, og kva er vel meir rett og riktig å kle seg i desse dagane enn det finaste vi eig og har, det som er brukt til høgtid og ved ulike markeringar gjennom livet, det som gjer oss litt ekstra rake i ryggen, stolte og glade!

Delar av delegasjonen frå Norge på plass i Asunción, Paraguay. Frå venstre: Torbjørn Urfjell, Astrid Tanum Husøy, Rita Sirirud Vatnehol, Torunn Elise Kveen, Magni Hjertenes Flyum, Solveig Torgersen Grinder, Camilla Rossing, Solveig Strand, Linda Aaboen, Målfrid Grimstvedt, Agnete Sivertsen og Eivind Falk (Norsk håndverksintitutt).


Frå Norge reiste to representantar frå kvar av dei involverte organisasjonane: Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Norsk Folkedraktforum. I tillegg var representantar frå Kulturdirektoratet med. Dei har saman gjort eit stort arbeid for å få bunaden innskriven på denne prestisjefylte lista.

Frå salen. 124 nasjonar var representerte på Unescomøtet.


Dagane var fulle av interessante samtalar, spennande kultur- og menneskemøte og fargerike presentasjonar av ulike levande kulturuttrykk frå heile verda. Særleg vertslandet Paraguay viste fram sitt mangfald av kultur gjennom musikk, dans, mat og handverk.

Paraguay viste stolt fram landet og kulturen sin. Vi fekk oppleve mykje mektig sang, dans og musikk. 

Kven var fyrst ute med rutastoffet? Var det skottane, gudbrandsdølane eller etiopiarane?Kanskje er det aller mest eit teikn på at vi alle er eitt folk. Studieforbundet sine representantar, Torunn Elise Kveen og Linda Aaboen, saman med to damer frå den etiopiske delegasjonen i Paraguay. 


Arbeid over sju år

Arbeidet starta allereie i 2017, da ein intensjonsavtale mellom dei fem organisasjonane vart inngått. Sidan har dette prosjektet vore ein raud tråd gjennom årsmøte, landsmøte og andre samlingar. Brosjyrar, undervisningsmateriell og innspelsmøter har sett lys på bunadstradisjonane, og vi har lytta til både handverkarar og brukarar over heile landet. Vi har også delteke på Arendalsuka år etter år for å fremje denne viktige saka.

UNESCO har strenge kriterium for å komme på lista, og bunadbruk i Noreg oppfyller dei alle:

  • Munnlege tradisjonar: Kunnskap om handverk og bruk blir overlevert frå generasjon til generasjon.

  • Utøvande kunst: Bunaden er eit kunstverk i seg sjølv, med sitt særpreg og detaljar.

  • Sosiale skikkar og høgtider: Bunaden er ein naturleg del av fest, feiringar og tradisjonar som 17. mai, bryllaup og dåp.

  • Natur og univers: Produksjonen nyttar naturmateriale som ull, bomull og lin.

  • Tradisjonelt handverk: Bunadstilverking krev høgt nivå av handverkskunnskap, halde i hevd av dyktige tradisjonsberarar.


Kva betyr ei innskriving?

Bunadbruken er populær, men det er ikkje gjeve at den alltid vil vera det. Det ligg mykje kunnskap i å vite kvar og når ein brukar bunad, korleis ein kler den på seg, og korleis ein set saman dei ulike delane. Denne kunnskapen er viktig å ta vare på som ein del av den felles kulturarven vår. Kunnskapen om det tradisjonelle handverket som ligg i kvar bunad er det enda færre som kjenner til. Det kan vera krevjande å leve av å produsere bunader. Det krev grundig kunnskap og langt tolmod. Det er eit uendeleg mangfald av tradisjonelle handverksteknikkar i bunaden. Alt frå korleis ein lagar søljer, broderer ulike sting, syr saman bestanddelar, vev band, forkle og stakkestoff. Mangfaldet er stort.

Inga-Lill Sundseth, Hildegunn Bjørgen og Torbjørn Urfjell Norges representantar frå Kulturdirektoratet.  

 

Mange har, og fleire vil ha

Det blir sagt at nær åtte av ti husstandar har ein bunad eller fleire. Om lag 80 prosent av norske kvinner og 20 prosent av norske menn eig ein bunad. Folkedansmiljøet er særleg aktive brukarar, og bunaden blir brukt til alt frå dans til slottsmiddagar. Samstundes er vi avhengige av dedikerte handverkarar som syr bunadane, og av kunnskapsrike brukarar som lærer oss korleis dei skal berast. Etterspørselen er stor. Bunaden er populær, og det er mange som ønskjer seg bunad. Vi er ikkje lenger i ei tid der dei fleste syr sine eigne klede, og etterspurnaden etter bunad er større enn det bunadtilverkarar i Noreg klarar å produsere. Det gjer at ein del produksjon, anten av heile bunader eller delar, blir utført i andre land. Mykje blir produsert av materiale som ikkje er tradisjonelle, eller med teknikkar som ikkje er dei tradisjonelle. Det kan få som konsekvens at vi mistar kunnskap om vår eigen lokale kulturarv. Innskriving på lista betyr anerkjenning, men det forpliktar òg staten Noreg til å bidra til å leggje til rette for vern og vidareføring av tradisjonen. Vi får synleggjort kor viktig bunadbruken og handverket som ligg bak er, i tillegg til det vidare arbeidet som vi fem organisasjonane nå står overfor. Vi kjem til å arbeide for betre rammevilkår for tilverkarar, for kunnskap om og forståing av tradisjonen i befolkninga og for opplæring i tradisjonelle teknikkar. Vi er glade for denne anerkjenninga og for at det store mangfaldet av både bunader og bunadbrukarar nå er ein del av Unesco-lista.


No byrjar det verkelege arbeidet. Vi som står bak prosjektet «Bunadbruk i Noreg – tradisjonshandverk og sosial praksis» skal jobbe vidare for at denne viktige tradisjonen blir halde levande. Vi vil styrke vilkåra for bunadstilverkarar og fremje forståing for handverket bak bunaden. Kunnskap må delast mellom generasjonar, og folk må få tilgang til god informasjon om både bruk og tilverking.

Torbjørn Urfjell frå kulturdirektoratet står med beviset på at bunaden er komen på Unesco si representative liste over immateriell kulturarv. Her med representantar frå komiteen og den norske arbeidsgruppa. 


Gratulerer til alle som har bidratt til denne viktige anerkjenninga! No kan vi alle bære bunaden med enda meir glede og stoltheit – han er offisielt ein del av verdas immaterielle kulturarv.


14 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page