Løn, skatt og arbeidsgjevaravgift
Om læraren skal ha løn, og i tilfelle kor mykje, er ei avgjerd som skal takast i samarbeid mellom kursarrangør og kurslærar.
Skatt
Når kurslærar er lønsmottakar
Når kurslærar får løn frå laget, må det betalast skatt etter følgjande reglar:
-
Under 10.000 - Når samla utbetaling av løn frå ein organisasjon ikkje overstig 10.000 kroner til ein person i løpet av eit år skal det ikkje betalast skatt. Dekking av køyreutgifter med meir, blir rekna utanom dei 10.000.
-
Over 10.000 - Når løna overstig denne summen, skal kurslærar betale skatt. Frivillige organisasjonar som kjem inn under reglane for fritak for plikta til å svare arbeidsgjevaravgift (sjå nedanfor), kan nytte seg av forenkla a-melding.
Forenkla a-melding sendes via Altinn
-
Køyregodtgjering - Når utgiftsgodtgjersle (blant anna kjøyregodtgjering) ikkje overstig 10.000 kroner er det friteke frå skatt og friteke for rapportering. Om samla godtgjersle overstig 10.000 skal det oppgis og beskattes dersom det gir overskot.
Når kurslærar er
næringsdrivande
Kurslærar som er sjølvstendig næringsdrivande og har firma registrert i Brønnøysundregistera, kan få løn i form av næringsinntekt. Kurslærar har da sjølv ansvar for å betale skatt og må levere nummerert faktura med organisasjonsnummer og dato. Om mva på undervisning sjå nedanfor.
Når bør kurslærar bli
næringsdrivende?
Kurslærararar som har kursverksemd som ein vesentleg del av inntekta si bør opprette eige selskap og bli næringsdrivande. Hos Skatteetaten finn ein kapitlet Hobby eller næring med opplysningar om korleis ein bør forhalde seg om ein vil starte eiga bedrift. - Momenter som trekker i retning av selvstendig næringsvirksomhet, vil være at oppdragstakeren: har regelmessig flere oppdragsgivere, samtidig eller etter hverandre har eget kontor eller produksjonslokale holder egne materialer har egne driftsmidler, som for eksempel maskiner og egne transportmidler mottar avregning i fast beløp og ikke per tidsenhet kan stille med andre enn seg selv, for eksempel bruke egne ansatte skal utføre et bestemt oppdrag som ikke bare er avgrenset i tid har ikke krav på flere oppdrag fra oppdragsgiverhar ikke krav på vederlag når oppdrag ikke utføres.
Arbeidsgjevaravgift
Når dei totale lønnsutgiftene for laget er under 800.000 kroner per år, og lønsutbetaling til den enkelte kurslæraren er under 80.000 kroner per år, skal det ikkje betalast arbeidsgjevaravgift.
Meir om skatt og arbeidsgjevaravgift for frivillige organisasjonar kan de finne på skatteetaten sine nettsider.
Meirverdiavgift (mva)
Undervisning er unnateke frå meirverdiavgiftsplikt. Kurslærarar som er sjølvstendig næringsdrivande skal ikkje legge på meirverdiavgift på rekninga dei sender til kursarrangør.
I meirverdilovens § 3-5 står det om undervisningstenester.
Du finn også meir informasjon om undervisningstenester i Merverdiavgiftshåndboka.
Lov, forskrifter og avtalar
Voksen-opplæringsloven
Lov om vaksenopplæring set rammer for arbeidet til studieforbunda, og den regulerer kva for kursarrangørar som får økonomisk støtte, og til kva. Kor mykje støtte som blir gjeve, bestemmer styret i Studieforbundet kultur og tradisjon ut frå kor stort beløp som blir gjeve til vaksenopplæring på statsbudsjettet.
Leige av offentlege lokale
Kursarrangørar som får tilskot frå vaksenopplæringsmidlar, har og krav på å bruke offentlege undervisningslokale gratis. Les meir om kva Lov om voksenopplæring seier:
Avtale om kopiering
Det kan ofte vere aktuelt å kopiere fra bøker og trykksaker i eit lokallag. Særleg er dette aktuelt i samband med kurs der ein treng å kopiere enkeltsider for å dele ut til kursdeltakarar. Gjennom medlemskap i VOFO har Studieforbundet kultur og tradisjon avtale med Kopinor om slik kopiering.
Forsikring
Alle lærarar på kurs som får tilskot gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er forsikra i ei felles forsikringsavtale. Vi har ikkje forsikring for kursdeltakarar. Dette er opp til deltakarane sjølve. Treng du meir informasjon om forsikring ta kontakt med oss i Studieforbundet.
Leige av offentlege lokale
VOFO sendte i oktober 21 ut dette brevet om tilgang til bruk av offentlege undervisningslokale
Vofo har også supplert med denne malen
Fullstendig Lov om voksenopplæring og forskriftene finn de her
-
Bruk av datanettverk inngår og i denne avtalen. På nettsida til Vofo kan du finne brev som avklarar denne bruken.
I Lov om voksenopplæring heiter det:
§ 7. Gratis bruk av undervisningslokaler
Undervisningslokaler der driftsutgiftene dekkes av det offentlige, skal etter søknad stilles vederlagsfritt til disposisjon for studieforbund og medlemsorganisasjoner ved avholdelse av kurs med tilskudd etter kapittel 2 i loven. Departementet gir nærmere forskrifter.
Vi får ofte spørsmål omkring korleis dette. Via lenkja finn de ein mal Vofo har laga til hjelp i møte med utleigar og eit skriv frå Kunnskapsdepartementet som stadfestar rettigheitene de har gjennom Voksenopplæringsloven.
Rett til gratis bruk av undervisningslokaler - Voksenopplæringsforbundet (vofo.no)
Forskriftene til love utdyper:
§ 10. Gratis bruk av offentlige undervisnings-lokaler
Når det avholdes kurs med tilskudd etter kapittel 2 i forskriften, skal arrangøren ikke belastes utgifter vedrørende lokaler, lys, varme, renhold, tilsyn og bruk av utstyr i lokalene. Første punkt gjelder kurs som avholdes på hverdager i undervisningsåret, undervisningsferier unntatt, og ikke varer lenger enn til kl. 21.00. For utlån ut over dette må det treffes særskilt avtale med lokaleier.
Lokaleier kan fastsette utfyllende regler for utlån av offentlige undervisningslokaler og -utstyr. Reglene må ikke diskriminere mellom kursarrangører, men bør kunne gi muligheter for prioritering av tiltak og grupper ut fra voksenopplæringslovens formål.
Det bør utarbeides en samlet utlånsplan for bruk av undervisningslokalene på grunnlag av utlysning, søknader og et avtalt låneforhold med den enkelte kursarrangør.
Etter bruk skal lokaler og utstyr være i samme stand som ved overtakelsen.
Ved utlån av spesialrom/skoleverksteder, må det avtales hensiktsmessige kontrollordninger.
Kursarrangør er økonomisk ansvarlig for skader som måtte oppstå vedrørende utstyr og materiell.
Kursarrangøren skal sørge for at kursdeltagerne blir kjent med gjeldende bestemmelser for bruk av lokaler og utstyr*