top of page

Lederprogrammet

eit utviklingsprogram for deg som vil nå lengre

Lederprogrammet er eit kursopplegg for deg som vil nå enda litt lengre, både for deg sjølv og organisasjonen din. Vi vil gje deg viktige verktøy og kunnskap du treng for å nå dei måla du set deg, og for å utvikle deg både som menneske og i dei ulike rollene du har. Programmet er eit tilbod Studieforbundet ønsker å gje for å løfte både nåverande og framtidige leiarar innanfor organisasjonen.

Bannerbilde: Linda Aaboen

Kven er kurset for?

Programmet er for deg som er aktiv i ein av Studieforbundets medlemsorganisasjonar, enten som frivillig eller tilsett.

 

Du har eit engasjement for det du driv med, og du har lyst til å utvikle deg vidare. Du treng ikkje føle deg som en verdensmeister for å søke, vi er ute etter deg med den rette innstillinga.

 

Du forpliktar deg kun til å delta på dei tre samlingane, det er ikkje noko før- eller etterarbeid.

Meir informasjon

Informasjon

Søke om kursplass

Du kan søkje allereie nå, med frist 1. november. Alt du treng å gjera, er å fylle ut påmeldingsskjemaet, slik at vi kan bli litt betre kjende med deg. Deretter tek vi kontakt med deg for ein prat så snart som mogleg.

 

Kva forpliktar du deg til?

Det er tildelt 20 plassar på kurset. Om du får plass på kurset, forpliktar du deg ikkje til noko anna enn å delta på dei tre samlingane i si helheit. Vi krev ikkje for- eller etterarbeid.

 

Hva kostar det å delta?

Studieforbundet dekkjer det meste av kurskostnadane, slik at du som deltakar berre betaler ei avgift på kr 2000,-. Du kan snakke med organisasjonen din om moglegheitene for å få dette dekka. Studieforbundet dekkjer  reisekostnadane.

Innhaldet i programmet?

Programmet går over tre samlingar, to av dei med overnatting. Samlingane går føre seg på Gardermoen og i Oslo, på funksjonelle og tilrettelagte konferansehotell.

 

Vi koplar moderne vitskap og perspektiv frå ulike tidsepokar saman med kvardagen din og framtida di. Vi trekkjer på fagfelt som sosialpsykologi, kommunikasjon, leiing og statsvitskap, og har stor variasjon undervegs i opplegget.

 

Kva får du i Leiarprogrammet?

Tre samlingar med dyktige kurslærarar
Lære meir om deg sjølv, ny motivasjon og kompetanse.


Lære meir om å leie andre – og deg sjølv
Ei betre forståing for lagbygging og kommunikasjon.

Om leiarane i programmet

Leiarane i programmet kjem frå den ideelle stiftinga Fundatum og Studieforbundet kultur og tradisjon. Fundatum har halde tilsvarande kursopplegg i fleire år, og har bakgrunn frå eit bredt spekter av organisasjonar og verksemder.

 

Dei har jobba med å utvikle menneske i over 20 år, både i Norge og internasjonalt.

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med dagleg leiar
Kristin Teigen Stasviken i Studieforbundet kultur og tradisjon kristin@kulturogtradisjon.no 918 41 263

Informasjon

Hovudtema for dei tre samlingane

Deg sjølv, verdiar
og identitet

For å komme dit du skal må du vite hvor du vil.

 

•Kven er eg?

•Kva vil eg?

•Kva styrer mine valg?

•Karaktertrekka og styrkene mine

Gardemoen 12. – 14. januar

Nære omgjevnadar, roller og relasjonsutvikling

Du treng eit lag å spele på.

•Kven påverkar meg?

•Kva for roller har eg?

•Korleis kan eg utvikle relasjonane mine?

•Korleis får eg folk med meg dit eg vil?

 

 

 

Oslo 24. februar

Makt og samfunnspåverknad

Det held ikkje å ha rett for å få rett.

 

•Kommunikasjon og retorikk

•Maktforståing

•Samfunnspåverknad

•Vegen vidare

 

 

 

 

Gardermoen 6.-7. april

Påmeldingsskjema

Takk for innsendinga di!

Frist for påmelding er ute. Du er velkommen ved neste korsveg. :-)

Moduloversikt
Påmeldingsskjema
Vegen til sveinebrev
Dag.jpg
Påmelding
bottom of page