Velkommen til kursportalen
Her søkjer du kurstilskot og rapporterer kurs.
Meir informasjon om lover og reglar for kursstøtte
Innloggingen skjer via ID porten (den samme du bruker til mellom anna nettbank og Altinn), trygg innlogging som sikrar at ikkje personopplysningar kjem på avveie.
Alt skjer inne i Kursportalen
Du søkjer og får svar, anna kommunikasjon mellom søkjar og saksbehandlar, rapporterer og registrerer frammøte, og du får melding om rapporten er godkjent og om utbetaling. Du treng ikkje å sende noko papir eller epost.
Du bestemmer kven som skal få tilgang
Den fyrste som loggar seg inn frå kvart lag blir godkjent av oss. Vil du ha fleire brukarar, godkjenner den fyrste brukaren dei andre i den lille menyen som opnar seg når du trykker på namnet ditt øvst i høgre hjørne inne i Kursportalen.
Brukarrettleiing
Her finn du rettleiing til søknad av kurs i ny kursportal. Både korleis du opprettar ein brukar og loggar deg inn, og korleis du sendar inn søknad og rapporterer.
Rettleiingsfilmar
Dokument i PDF for utskrift
Frammøteskjema
Frammøte skal førast rett inn i kursportalen. Det skal ikke lenger sendast skjema til Studieforbundet. Frammøteskjema kan framleis skrivast ut for å notere undervegs i kurset.
Veiledning om korleis bruke exceldokument for å laste inn informasjonen i Kursportalen
Blankt skjema for å importere frammøte i Kursportalen
På statistikksida er ekstra frammøteskjema for dei som ynskjer å fylle ut skjema for hand underveis i kurset. Leit opp kurset ditt og trykk på "i"
Statistikk
På statsistikksiden kan du og ta ut frammøteskjema for kurset ditt. For å få til det, gå inn på statistikk øvst til høgre på nettsida vår her, finn laget ditt og det kurset du skal ha skjema til. Trykk på informasjonssymbolet (Ein "i" inne i ein sirkel). Da får du opp bildet under. Nedst i vindauget ser du: Last ned rapportskjema.
Frå dette skjemaet må studieleiar skrive inn informasjonen i Kursportalen
Personvern
Den nye Kursportalen ber om samtykke i personvernreglar. De får eige "rom" i Kursportalen og det er berre de i laget og vi på kontoret til Studieforbundet som ser deltakarlistene.
Personvern i Studieforbundet kultur og tradisjon