top of page
Kurslærar / instruktør
Ein kurslærar/instruktør er ein person som har pedagogisk ansvar for kurset. Kursarrangørane bør ha ei skriftleg avtale med kurslæraren. Studieforbundet kultur og tradisjon har utarbeidd eit avtaleskjema som kan brukast. Desse finn du under menypunktet skjema.
Tips for nye kurslærarar
Studieforbundet held nettbaserte samlingar med gode tips for ferske kurslærarar. Nettsamlingane varer i halvannan time og tek for seg tips om korleis undervise vaksne, førebuing og gjennomføring av kurs og tilpassing av kurset til deltakargruppa.
-
Rolleavklaring, kva gjer laget, kva gjer lærar?
-
Lokal
-
Innhald og gjennomføring av kurset
-
Skape tryggheit - Den gode timen
-
Lærarrolla for vaksne
-
Didaktikk- korleis lærer vi?
-
Tilrettelegging og tilpassing
-
Kjønn og alder
-
Vaksenopplæringslova og rammer
Kursa blir som hovudregel køyrde ein gong i halvåret etter utlysing, men kan og settast opp etter etterspurnad. Ta berre kontakt med Studieforbundet på e-post torunn@kulturogtradisjon.no dersom det er ønskje om ei samling utanom dei vi annonserer sjølve.
Løn/skatt/arbeidsgjevaravgift
Kursarrangør og kurslærar avtaler kva for godtgjersle kurslærar skal ha for opplæringa.Kurslærar som er sjølvstendig næringsdrivande og har firma registrert i Brønnøysundregistera, kan få løn i form av næringsinntekt. Kurslærar har da sjølv ansvar for å betale skatt og må levere faktura med organisasjonsnummer. Undervisning er unnateke frå meirverdiavgift. I § 3-5 i meirverdiavgiftsloven finn du det som omhandlar undervisning. Meir informasjon om dette finn du og i Merverdiavgiftshåndboken.Når kurslærar får løn frå laget, må det betalast skatt etter reglane du finn på sida om løn og skatt.
Godkjenning
Lokallaga er sjølve ansvarlege for å velja og godkjenne kurslærar/pedagogisk ansvarleg for kurset. Pedagogisk ansvar betyr å leie opplæringa i samsvar med målsetting og studieplan, skape eit positivt og inspirerande læringsmiljø, og møte fagleg godt budd til samlingane. Nokre organisasjonar har eigne reglar for godkjenning av lærarar.
Forsikring
Alle lærarar på kurs som får tilskot gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er forsikra i ei felles forsikringsavtale. Vi har ikkje forsikring for kursdeltakarar. Dette er opp til deltakarane sjølve. Treng du meir informasjon om forsikring ta kontakt med oss i Studieforbundet.
Reiseregning
Reiseregningsskjema kan lastast ned her.
Reiseregningsskjema (xsl)
bottom of page