top of page

Lederprogrammet

eit utviklingsprogram for deg som vil nå lengre

Med økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen DNB har Studieforbundet køyrt to rundar med Lederprogrammet i samarbeid med stiftinga Fundatum. 25 deltakarar har gjennomført tre samlingar som aktive i ein av Studieforbundet sine medlemsorganisasjonar, enten som frivillig, eller som tilsett.

Med Lederprogrammet har Studieforbundet ynskt å løfte både nåverande og framtidige leiarar innanfor organisasjonen. Lederprogrammet er eit kursopplegg for deg som vil nå enda litt lengre, både for deg sjølv og organisasjonen din, for viktige verktøy og kunnskap for å nå mål og utviking både som menneske og i ulike roller.  

Hovudprogrammet er nå sluttført, men det vil bli vurdert ei vidareføring. Les meir om del 2 og 3 under.

Sjå filmen om stiftinga Fundatum og Lederprogrammet

Bannerbilde: Deltakarar på runde to med Lederrpogrammet.

Samlingar og digitale 60-minutts kurs

I forlenginga av Lederprogrammet, står dagsamlingar og digitale temakurs på blokka
 

Del 2: Dagsamlingar

Framover vil det bli arrangert fem dagsamlingar i samarbeid med SKT fylke. Dei tre fyrste blir på Studieforbundets fylkessamling, i samarbeid med SKT Viken og i samarbeid med SKT Vestfold-Telemark. 

Del 3: Digitale kurs

Nå kan medlemsorganisasjonar, fylkeslag og fylkesledd få gratis digitale kurs med stiftelsen Fundatum og Tor Abild! 

Studieforbundet tilbyr, saman med Stiftelsen Fundatum, 10 digitale kurs med ulike tema, kvar på 60 minutt. Desse vil bli gjennomført i hausten 2024, eller fyrste halvår 2025. Kanskje passar eit slik kurs med eit arrangement de allereie har på blokka i haust eller våren 2025?

 

Kvar arrangør kan få eitt kurs med sjølvald tema (sjå under). Kursa må gjennomførast på vekedag (mån-tors), meld ønskje om dato, og dagtid eller kveldstid.

 

Søknadsfrist 15. oktober til e-post kristin@kulturogtradisjon.no

 

Tema:

1. Gruppedynamikk – korleis jobbe saman som team

Vi ser nærare på persontypar og kva som skal til for at du skal kunne samhandle godt med omgjevnadene dine.
 

2. Mellommenneskeleg kommunikasjon

Det å kommunisere med andre menneske er så enkelt, og så vanskeleg. Vi gjev ei innføring i grunnleggande prinsipp for å lykkast.

3. Motivasjon – eigen og andre sin
Nokon ventar på at motivasjonen skal kome til dei, vi trur du bør gå ut og finne den. Vi tek deg gjennom funna i ei omfattande undersøking om kjelder til motivasjon og viser deg kor du kan finne kjeldene dine – eller betre forstå korleis dei rundt deg fungerer.

4. Retorikk og presentasjonsteknikk
Korleis når du gjennom og får folk til å lytte? Nokre ting bør du lære deg, andre ting kan du kanskje gjerne avlære deg.

Kva har Lederprogtammet del 1 vore?

Programmet har gått over tre samlingar, to av dei med overnatting. Samlingane har gått føre seg på Gardermoen og i Oslo.

Med dyktige kurslærarar har deltakarane fått lære meir om seg sjølve, fått ny motivasjon og kompetanse. Fått lære meir om å leie andre – og seg sjølve, ei betre forståing for lagbygging og kommunikasjon

Programmet har kopla moderne vitskap og perspektiv frå ulike tidsepokar saman med kvardagen og framtida. Fagfelt har vore sosialpsykologi, kommunikasjon, leiing og statsvitskap, det har vore stor variasjon i opplegget undervegs.

Om leiarane i programmet

Leiarane i programmet kjem frå den ideelle stiftinga Fundatum og Studieforbundet kultur og tradisjon. Fundatum har halde tilsvarande kursopplegg i fleire år, og har bakgrunn frå eit breitt spekter av organisasjonar og verksemder.

 

Dei har jobba med å utvikle menneske i over 20 år, både i Norge og internasjonalt.

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med
Kristin Teigen Stasviken i Studieforbundet kultur og tradisjon kristin@kulturogtradisjon.no 918 41 263

Påmelding
Dag.jpg
bottom of page