top of page

Fylkesledd i Studieforbundet

I Lov om voksenopplæring står det om fylkesorganisering;

§5 d) Det må ha virksomhet over hele landet, herunder en regional organisasjonsmessig forankring.

Studieforbundet Kultur og tradisjon har fylkesledd over heile landet. Fylkesledd og kontaktpersonar skal til ei kvar tid vera oppdatert på nettsida vår.

Oversikt over kontaktpersonar og aktivitet i fylkene finn du under kvart fylke i oversikta lengre ned.

Fylkesleddbrosjyre - Dette er ei enkel skildring av fylkesleddet si rolle og oppgåver.

For å gjera arbeidet med årsmelding lettare, har vi laga eit Årsmeldingsskjema for fylkesledd.  Årsmelding for inneverande år bør vera oss i hende innan 20. desember, slik får vi informasjonen frå fylkesledda med i vår eiga årsmelding.

Studieforbundet kultur og tradisjon har vedtatt på årsmøtet vedtekter for fylkesleddet:

Vedtekter for fylkesledd (bokmål
Vedtekter for fylkesledd (nynorsk

Oppgåvene til fylkesledda

 

Om oppgåver i fylkesleddet står dette i vedtektene:

  • vere samarbeidsorgan for medlemsorganisasjonane i Studieforbundet kultur og tradisjon i spørsmål som handlar om vaksenopplæring i regionen.

  • på vegne av samtlege medlemsorganisasjonar i Studieforbundet kultur og tradisjon søke om regionale midlar og fastsette bruken av desse.

  • vere medlem av regionalt VOFO og arbeide for eigen styrerepresentasjon i regionstyret i VOFO.

  • gjennom VOFO, saman med dei andre studieforbunda i regionen, arbeide for å utvikle samarbeidet med fylkeskommunen, og betre dei regionale rammevilkåra.

  • synleggjere eigen opplæringsaktivitet i regionen og spre aktuell informasjon om arbeidet for vaksnes læring i fylket til dei enkelte medlemsorganisasjonane.

Informasjon om fylkesledda
bottom of page