Bunadopplæringa
For dei som ynskjer å lære meir om bunadssaum
Bunadopplæringa skal gje ei praktisk innføring i dei grunnleggjande teknikkane innan bunadsaum og tilbehør, auke den historiske kunnskapen om folkedraktene som er bakgrunn for dagens bunader, og gje kjennskap til materialar og teknikkar brukt til bunadsproduksjon.

Bannerbilde: Torunn Elise Kveen
Om kurset
Opplæringa har som mål å stimulere til auka interesse for faget og enda fleire bunadsprodusentar og kurslærarar på bunadskurs i Norge.
Bunadopplæringa er ei kursrekkje på seks modular som gjev ei brei innføring i praktisk bunadssaum. Ved å fullføre heile kursrekkja får du praktisk innføring i alle kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget VG3. Du syr ikkje ein komplett bunad. Opplæringa legg opp til ein del mengdetrening på eigehand som du må du sørgje for sjølv. Har du som mål å ta sveinebrev, kan du få individuell rettleiing mellom samlingane.
Bunadopplæringa er eit samarbeid mellom Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet.
Meir informasjon
Informasjon
Modulplan
Brosjyre Bunadopplæringa
Læreplan bunadtilverkarfaget VG 3/opplæring i bedrif
Ny læreplan frå 01.08.2022 blir innført trinnvis og over ei periode på tre år.
Kursavgift
Mellom kr 5000 og 5500,- per modul i 2025. Materialpakke er inkludert i kursavgifta.
(prisen blir indeksregulert kvart år).
Avmelding
Det er bindande påmelding, og påmeldingsfrist er seks veker før fyrste kursdag. Dersom det er ledige plassar, tek vi i mot påmelding fram til kursstart.
Undervisningsstad
Vekslar mellom Raulandsakademiet i Rauland sentrum og Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt på Fagernes.
Kost og losji
Raulandsakademiet tilbyr overnatting.
Deltakarane må sjølve ta kontakt med akademiet for overnatting
Tlf.: 35 07 32 92. Gi beskjed om at det gjeld Bunadopplæringa.
Undervisningstid
kl. 09.00 – 18.00.
Siste dag avsluttast kl. 13.00.
Lengde på kurset
Heile løpet går over tre år med med to modular i året på fem dagar kvar, vår og haust.
Ønskjer du å gjennomføre kursrekkja på stuttare tid, kan du melde deg på det intensive løpet. Dette går over halvanna år med to modular i halvåret på fem dagar kvar.
Det er det same innhaldet i dei to kursrekkjene.
Kurslærarar
Vi vekslar mellom ulike kurslærarar.
Målgruppe
Kursrekkja rettar seg spesielt mot dei som ønskjer å ta sveinebrev i bunadtilverkarfaget, men er open også for dei som vil lære meir om faget. Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget VG 3 opplæring i bedrift.
Arbeidsform
Praktisk arbeid, individuelt arbeid, plenumsdiskusjonar og stutte økter med teoriundervisning, individuell rettleiing og undervising i grupper.
Ta med
Perm, plastlommer, skrivesaker, knappenåler, saks, måleband, tråkletråd, fingerbøl, fotoapparat eller mobil til å ta bilde for dokumentasjon, øvrige sysaker vil bli gjeve informasjon om i forkant av kvar modul.
Kontakt oss
Studieforbundet kultur og tradisjon, Vågåvegen 35, 2680 VÅGÅ,
linda@kulturogtradisjon.no,
Tlf: 95 77 57 70
Moduloversikt i Bunadopplæringa
Kursrekkene går anten over tre år med to samlingar i året, eller som ei intensiv kursrekke som går over halvanna år. Den følgjer same opplegg, men har fire samlingar per år.
Det er bindande påmelding, og påmeldingsfrist er seks veker før fyrste kursdag. Dersom det er ledige plassar, tek vi i mot påmelding fram til kursstart.
Ny modulrekke i Bunadopplæringa for 2026 er i planlegging. Dato for oppstart blir sett litt etter etterspurnad. Erfaring viser at modulrekkene raskt blir fyllte opp. Meld gjerne uforpliktande interesse vi e-post, dersom du sit litt på gjerdet å vurderer kursrekka.
Send e-post til linda@kulturogtradisjon.no
Modulplan Bunadopplæringa
Bunadopplæringa- støttelitteratur
A. KURSREKKE 2024 - 2027
Modul 1: Introduksjon til bunadtilverkarfaget, 16. - 20. september 2024, Rauland
Modul 2: Drakthistorie og bindningslære, 24. - 28. mars 2025, Fagernes Modulen er fullteikna og det er venteliste
Modul 3: Sting, saum og brodering, 15. - 19. september 2025, Rauland
Modul 4: Skjorte og linsaum, våren 2026, Rauland
Modul 5: Saum av delar i mannsbunad og innføring i tilpassing, hausten 2026, Rauland
Modul 6: Saum av delar i kvinnebunad og innføring i tilpassing, våren 2027, Rauland
B. KURSREKKE 2024 - 2026
INTENSIV kursrekke som går over halvanna år
Modul 1: Introduksjon til bunadtilverkarfaget, 4. - 8. november 2024, Rauland
Modul 2: Drakthistorie og bindningslære, 10. - 14. mars 2025, Fagernes
Modul 3: Sting, saum og brodering, 16. - 20. juni 2025, Rauland
Modul 4: Skjorte og linsaum, 22. - 26. september 2025, Rauland
Modul 5: Saum av delar i mannsbunad og innføring i tilpassing, 27. - 31. oktober 2025, Rauland
Modul 6: Saum av delar i kvinnebunad og innføring i tilpassing, våren 2026, Rauland
C. KURSREKKE 2026 - 2029
Vi planlegg ei ny 3- årig kursrekke i 2026 og tidspunkt kjem her så snart det er klart.
D. KURSREKKE 2025- 2027
INTENSIV kursrekke som går over halvanna år
Modul 1: Introduksjon til bunadtilverkarfaget, 17. - 21. november 2025, Rauland
Tilleggsmodular:
Snorer og band, Tidspunkt kjem her så snart det er klart
Teorieksamen i bunadtilverkarfaget – kva inneber det? Tidspunkt kjem her så snart det er klart.
Digital samling 1,5 time.
Det blir vist til eksempel innanfor bunadsfaget, MEN det er også opent for deg med interesse for andre små handverksfag.
Arrangør tek atterhald om endringar

Foto: Anne Marte Før
Om Bunadopplæringa og vegen til sveinebrev
Modulane i Bunadopplæringa er bygd opp kring kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget Vg3, og kan inngå som ein del av vegen til sveinebrev.
Bunadtilverkaren syr og dekorerer bunader og tilbehør. Bunadtilverkarfaget medverkar til å ta vare på og formidla tekstilhandverkstradisjon, kultur og identitet, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Bunadtilverkarfaget skal dekkje behovet samfunnet har for produksjon av bunader bygd på historiske folkedrakter, og behovet for bunader med ulikt historisk opphav.
Opplæringa skal medverke til praktisk produksjon av bunader med tilbehør. Opplæringa skal vidare medverke til utvikling av handverksferdigheiter og kunnskap om ulike materiale til bruk i bunadproduksjon. Opplæringa skal også medverke til kunnskap om tilverking og bruk av bunader og folkedrakter gjennom ulike tider, i ulike kulturar og tradisjonar. Vidare skal opplæringa stimulere til å sjå samanheng mellom produksjon og marknad.(www.utdanning.no)
Vegen til sveinebrev

Alternativ 1
Om du vil gå den formelle vegen, så er løpet fireårig, to år er opplæring i bedrift.
Vidaregåande skule:
-
Vg 1: Handverk, design og produktutvikling
-
Vg 2: Søm og tekstilhandverk
-
To års opplæring i bedrift i bunadtilverkarfaget
Fullført løp fører til sveinebrev.
Ved å gå dette løpet har du også krav på rettleiing, og hjelp i høve til lærlingplass. Dette kan du undersøke nærare ved å ta kontakt med fagopplæringskontoret i ditt fylke.

Alternativ 2
Praksiskandidatar er vaksne som har minst 25 % lengre praksistid i eit lærefag enn den fastsette læretida i faget. Praksisen må vera:
-
Allsidig og dokumentert og etter ei samla vurdering dekke dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for Vg3 / opplæring i bedrift i lærefaget
-
Godkjent av fylkeskommunen før fag- eller sveineprøven kan avleggjast
For å gå opp som praksiskandidat som bunadtilverkar må du dokumentere 5 års godkjent praksis i faget. 100% stilling. Praksisen må vera godkjent av fagopplæringskontoret i ditt fylke før du kan gå opp til sveineprøven. Du kan få fråtrekk for kurs du har delteke på, og kursrekkja i Bunadopplæringa skal kunne inngå som grunnlag. Du treng ikkje fellesfaga, matematikk, engelsk, naturfag, norsk og samfunnsfag for å gå opp som praksiskandidat. Men før du går opp til sveineprøven må du bestå ein skifteleg eksamen i fagets teoretiske læreplanmål. Den teoretiske eksamen er ein skriftlig eksamen på 5 timar, og den blir arrangert to gonger i året (som regel fyrste veka i desember og fyrste veka i juni). Den som ønskjer og ta eksamen, må melde seg opp som privatist ved ein vidaregåande skule.
Korleis søkje læreplass? Som praksiskandidat må du sjølv arbeide for å få lærekontrakt. Lærekontrakt må teiknast med ei godkjend lærebedrift, og den må godkjennast av fagopplæringskontoret. Bedrifta har ansvar for å innhente denne godkjenninga.Du kan bli lærling uansett kor gammal du er og når som helst på året. Det viktige er at du sjølv skaffar deg ein læreplass i ei bedrift.
Læreplan Vg3 bunadtilverkar/opplæring i bedrift
(Gjeld modulrekkjer med oppstart før haust 2022)
Ny læreplan bunadtilverkar/opplæring i bedrift
(Gjeld modulrekkjer med oppstart frå og med hausten 2022)
Nyttige nettsider:
Opplæringskontoret for små håndverksfag www.smafag.no
Tradisjonshåndverk opplæringskontor og kompetansesenter www.mia.no/tradisjonshandverk
Norsk håndveksinstitutt www.handverksinstituttet.no
Vilbli, Fylkenes informasjonstjeneste for søkere til videregående opplæring www.vilbli.no
Nasjonal nettportal for informasjon om utdanning og yrke www.utdanning.no
Viken fylkeskommune www.viken.no
