top of page

Åpent for alle

–Norsktrening og fellesskap

Kurs i lokallaga skal vera eit fellesskap å vera del av, tilbod om eit nettverk å høyre til og gje relevant språktrening.

Sparebankstifteksen.png

Støtta av

Bannerbilde: IMDI

Kva er Åpent for alle?

Kurs i lokale lag og foreiningar er ein god måte å bli kjent i eit lokalsamfunn. Gjennom å motivere lokallaga i medlemsorganisasjonane våre til å halde planlagte, inkluderande kurs, vil vi skape møteplassar for nettverk, fellesskap og norsktrening. Kursa kan vera i den aktiviteten laget elles driv med, men skal tilpassast deltakaren med mindre norskferdigheiter og kunnskap om det norske samfunnet. Gjennom merksemd på dette, ønskjer vi at alle kursa som blir arrangert skal bli enda meir opne og inkluderande, og målet vårt er 120 slike kurs over ein tre-årsperiode.

Tilskot

Kva kan laget vente å få i tilskot dersom de held eit Åpent for alle-kurs?

  • Det ordinære timetilskotet på kr 100,- per time

  • Tilretteleggingstilskot for eventuelle utgifter med tanke på tilrettelegging. Dette kan vera utgifter til for eksempel tolk, transport, dekt kursavgift, materiell, barnepass, ekstra lærarar m.m.

Kva kan ditt lag bidra med?

Korleis skal det jobbast med?

Lokale kurs vil bli nytta som arena for å styrke språkkompetanse, inkludering og samfunnskunnskap, enten gjennom å skape inkluderingsarena til ordinære kurs, eller opprette eigne inkluderingskurs. Dette kan til dømes gå føre seg gjennom teater, dans, handverk, med aktivitetar som sykurs, matlaging, manusutarbeiding, strikking, med meir.

 

Vi har ambisjonar om å gradvis auke andelen inkluderingskurs frå 45 kurs fyrste året, så 65, og til 80 kurs tredje året, geografisk spreidd over heile landet. Dette skal vera lågterskeltilbod der språktrening og samfunnsforståing vil vera hovudfokus, bakt inn i ei brei kursportefølge i tråd med aktivitetane i medlemorganisasjonane våre.

Kven er kursa for?

Kursa retter seg særleg mot folk i Norge som treng lære meir norsk. Kursa skil seg frå eit vanleg språkkurs der det er kun ein lærar. Lokallaget/bygda mobiliserer som snakkepartnarar/ekstra kurslærarar/tilretteleggjarar under kurskveldane for å bidra til best mogleg språkutvikling.

Kva kan Studieforbundet bidra med?

Studieforbundet kan bidra med mellom anna økonomisk støtte. Det kan søkjast støtte om til dømes ekstra lærar, tolk, hjelp til transport, tilrettelagte lokal, kursmateriell, barnepass mm.

Vi kan og bidra med å setje lokallaga i kontakt med viktige samarbeidspartnarar som til dømes flyktningkonsulentar, frivilligsentralar og andre ressurspersonar, men også skape kontakt mellom lokallag i same situasjon for å kunne dele erfaringar, samt lære av kvarandre.

Kva for mål har vi?

Målet er ein stabil og varig inkluderings- og læringsarena med plass til alle, der alle stiller som kursdeltakarar på lik line, med felles mål om å lære og danne nettverk, inkludering, ikkje «berre» integrering. Ein lystbetont arena der inkludering og språktrening står i fokus.

Auka deltaking på kurs gjev ringverknadar som auka engasjement, større deltaking i samfunnet og slik også auka deltaking i demokratiet. Og det er jo det vi vil!

 

bottom of page